Re er ein tidlegare norsk kommune i Vestfold. Kommunen omfatta dei fem bygdene Vivestad, Undrumsdal, Fon, Våle og Ramnes. Kommuneadministrasjonen heldt til i Revetal. 1. januar 2020 blei Re slått sammen med Tønsberg til Tønsberg kommune.
Historie mini|venstre|Slaget på Re teikna av Erik Werenskiold til 1899-utgåven av Heimskringla. Det andre slaget på Re i tidlegare Ramnes kommune og dagens Re kommune fann stad i 1177 mellom kong Magnus Erlingsson og Øystein Møyla, som tronpretendent for birkebeinarane. Dei kongelege styrkane sigra.
Kommunane Ramnes og Våle vart slått saman 1. januar 2002. Den nye kommunen fekk det historisk kjende namnet «Re», etter den mest kjende staden i kommunen. I 1177 stod eit slag her, beskrive i Heimskringla av Snorre Sturlason.
Re blei slått sammen med Tønsberg til Tønsberg kommune 1. januar 2020. Samtidig blei grunnkrinsen Mulvika overført til den nye kommunen som blei danna då Holmestrand blei slått saman med Sande. Kommunen har berre hatt éin ordførar.
Dei store slettene langs Bispevegen gjennom Re er blant dei klart beste jordbruksområda i Noreg.
I tillegg til fleire grunnskolar ligg Re videregående skole i kommunen.
Bilete
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Re kommune
Kategori:Tidlegare kommunar i Vestfold Kategori:Norske kommunar skipa i 2002 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019