Bolærne er ei øygruppe i Ytre Oslofjord utanfor Nøtterøy i Færder kommune. Ho består av Vestre Bolæren, Mellom Bolæren og Østre Bolæren, i tillegg til nokre mindre øyar, holmar og skjer.

Ordsoge Namnet «Bolæren» (med «Bolærne» som fleirtalsform) kjem truleg av borđ, som tyder «kant» slik som ein bord langs kanten av ein duk, men her meint som ein høg kant mot havet.

Historie Busetjinga på Bolærne går ifølge skriftlege kjelder tilbake til 1600-talet.Nøtterøy bygdebok Mellom Bolæren er den største av øyane og hadde midt på 1800-talet 33 fastbuande. Fram til 1916 låg øyane under Jarlsberg hovudgard. Då vart Bolærne kjøpt av Forsvaret i samband med utbygging av festningsanlegg i Ytre Oslofjord. Under andre verdskrigen oppretta tyskarane ein fangeleir for russiske krigsfanaer, og fangane som døydde vart også gravlagde her.

Nøtterøy kommune (no Færder kommune) overtok Mellom Bolæren i 2004.Nøtterøy Historielag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bolærne» frå , den 8. april 2008.

Kategori:Øyar i Færder Kategori:Færder nasjonalpark