Sandøya er ei øy ved Brevik i Porsgrunn kommune i Telemark fylke. Ho har eit areal på 1,4 km² og det høgaste punktet er «Kulåsen» (56 moh.). Det finst ingen innsjøar eller tjern på øya. Sandøya er omkransa av Langesundsfjorden i sør, Eidangerfjorden i vest og Ormerfjorden i nord og aust. mini|venstre|«Grenlandsskjergarden»
Sør på øya ligg tettstaden Sandøya, der dei fleste av dei 303 fastbuande bur (2007) ). Her finst mellom anna butikk og barneskule, og det er ferjesamband til Brevik. Fleire hytter, samt ein campingplass, gjer at folketalet på øya aukar kraftig om sommaren.
Kjelder
Kategori:Øyar i Telemark Kategori:Geografi i Porsgrunn