thumb|Mjømna thumb|Mjømna kyrkje thumb|Mjømna Mjømna er ei øy i Gulen kommune i Vestland, og eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti. Øya har eit areal på 10,2 km² og om lag 60 innbyggjarar.

Mjømna ligg mellom Byrknesøy i vest og Sandøy i aust. Fensfjorden ligg på sørsida. På nordsida av Mjømna ligg ei rekkje mindre øyar og holmar mellom øya og Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden.

Namnet Mjømna kjem frå norrønt mjǫðm som tyder 'hofte'.Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7

Næringsliv Fiskeoppdrett vart starta opp på 1980-talet. Mjømna Fiskeoppdrett AS var frå 1985 til 1989 ei verksemd på Mjømna. Kvernvågvatnet Klekkeri var frå 1985 til 1988 ei verksemd på Mjømna.

Mjømna sokn Mjømna kyrkjesokn femner den ytre delen av Gulen kommune. Soknekyrkje er Mjømna kyrkje som stod ferdigbygd i 1901. Mjømna sokn vart skild ut frå Gulen sokn ved kongeleg resolusjon 23. juni 1900.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Mjømna kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Tidlegare hadde folket ytst i Gulen sokna til kyrkja i Eivindvik og det hadde for vore ei lang og ofte farleg kyrkjeferd dit for dei frå ytste øyene. I tillegg til kyrkja vest på Mjømna høyrer òg Byrknesøy kapell på Byrknes til soknet.

Mjømna delområde Mjømna er òg namnet på eit delområde i Gulen kommune. Det femner dei vestre øyene og fastlandet vestom Eidsfjorden. Ved folketeljinga i 2001 budde det 901 personar i delområdet, fordeld på 195 i Eidsbotn grunnkrins, 125 i Fivelsdal grunnkrins, 25 i Brandanger grunnkrins, 43 i Hisarøy grunnkrins, 41 i Hille grunnkrins, 128 i Mjømna grunnkrins og 344 i Byrknes grunnkrins.SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1411 Gulen»

Samferdsel Fylkesveg 4 går over Mjømna. Mjømna har brusamband til Sandøya via Mjåsundbrua og til Byrknesøya via Mjømnesundbrua og Nappsundbrua.

I november 2010 vart fastlandssambandet til Ytre-Gulen fullført med opninga av Brandangersundet bru frå Fivelsdal på fastlandet til Sandøya. Sandøya, Mjømna og Byrknesøya vert såleis landfast og ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg-Skipavik vil berre trafikkere strekninga Leirvåg-Sløvåg.

Ekspressbåtane til Fjord1 har daglege anløp på Mjømna på sine ruter mellom Bergen og Sogn/Nordfjord.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for øya Mjømna: 1801Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Gulen herred, frå Digitalarkivet 2001 46 103 ca. 60

Kjelder SSB: Kart som viser delområde og grunnkrinsar i Gulen kommune

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Om Mjømna sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Busetnader i Gulen Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Noreg Kategori:Øyar i Gulen Kategori:Sokn i Nordhordland prosti