Kalmykia er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Elista, arealet er 75 000 km² og innbyggjartalet rundt 270 000.

Folkesetnad Den einaste større byen er Elista med 102 700 ibuarar.

Den største folkegruppa i Kalmykia er kalmukkar, eit mongolsk folkeslag som er det einaste folkeslaget i Europa som tradisjonelt er buddhistar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Kalmukkar: 56,2 % Russarar: 29,6 % Darginar: 2,6 % Kasakhar: 1,7 % Meskhetiske tyrkarar: 1,3 % Tsjetsjenarar: 1,2 %

Folketalet i Kalmykia har gått sterkt ned dei siste åra, med 10,3 % frå 1989. Samstundes har luten kalmukkar auka frå 45,4 %.

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske føderasjonssubjekt Kategori:Republikkar i Russland