Fjørtofta er ei øy i Haram kommune i Møre og Romsdal. Ho høyrer til øygruppa Nordøyane og har eit areal på 8,9 km². Øya ligg ved munningen av Romsdalsfjorden mellom Fjørtoftfjorden i nord og Nogvafjorden i sør.
Det er ferjesamband til dei nærliggande øyane og til fastlandet og hurtigbåtsamband til Ålesund og dei andre Nordøyane. Fjørtoft kyrkje vart bygd i 1878, og ligg i Nordgard som er ein av dei fire bygdelaga på øya. Nordgard, Sørgard, Otterlei og Stranda. Det har budd folk på Fjørtofta i lange tider, og det er gjort funn frå vikingtida på øya.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Haram prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Haram herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 144 330 287 114
Kjelder
Fjørtofta på Norgeskart.no fra Statens kartverk
Kategori:Øyar i Haram