Mosken er ei fjelløy i Værøy kommune i Nordland. Øya ligg mellom Værøya og Moskenesøya i Lofoten. Det høgaste punktet på Mosken er Wilhelmstind på 385 moh. Øya er ikkje busett og har eit areal på 1,5 km²
Mosken vart tidlegare nytta til beite for sau, både sommar- og vinterstid.
Mosken og småøyane rundt er eit viktig hekkeområde for toppskarv, lomvi, stormsvale, havsvale, ærfugl og teist. Fuglar på Mosken
På Svarven like utanfor Mosken hadde fiskarane tidlegare rorbuer og tilhald under seifisket på seinsommaren og hausten.
Mellom Moskenesøya og Mosken går Moskenstraumen, ein av dei kraftigaste havstraumane i verda. Moskenesstraumen er berykta, og har vore skildra av både Petter Dass, Edgar Allan Poe og Jules Verne.
Namnet «Mosken» vert elles nytta både som etternamn og fornamn i Noreg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Bilete av Mosken: , ,
Kategori:Øyar i Nordland Kategori:Geografi i Værøy