Basjkortostan, tidlegare òg Basjkiria, er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Ufa. Arealet er 142 947 km².

Folkesetnad Dei største byane er Ufa (1 062 000 ibuarar), Sterlitamak (273 500), Salavat (156 100), Neftekamsk (121 700) og Oktjabrskij (109 500)."Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Den største folkegruppa i Basjkortostan er etniske russarar, men ingen folkeslag utgjer så mykje som 40 % av folket. Basjkirane, eit tyrkisk folkeslag, er den nest største gruppa. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:

Russarar: 35,2 % Basjkirar: 28,8 % Tatarar: 24,8 % Tsjuvasjar: 2,6 % Mariar: 2,5 % Ukrainarar: 1,0 %

Sidan oppløysinga av Sovjetunionen har delen av basjkirar i folket auka, frå 21,9 % i 1989, medan delen russarar og tatarar har gått ned. Folketalet totalt sett har halde seg relativt stabilt.

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske føderasjonssubjekt Kategori:Republikkar i Russland