Floen (Ulviksjøen) er eit vatn som ligg i Aurskog-Høland kommune i Akershus. Vatnet ligg mellom Årnes i Nes og Aurskog. Floen er ein del av Haldenvassdraget. Namnet Ulviksjøen kjem frå garden Ulviken som ligg ved nordenden av innsjøen. I vatnet er fisk som gjedde, åbor, mort og lauve. Det er òg teke aure i vatnet.
Floen er òg utløp for ei rekkje småtjern i området. Dingsrudtjernet er det største av desse. Nord for Floen ligg Øysjøen. Denne ligg i Nes kommune og startar ved kommunegrensa mellom Aurskog-Høland og Nes.
Ved vestsida av Floen ligg nedlagde Ulviken skule. Ulviken var eigen skulekrets fram til Haneborg skole på Lierfoss vart innvigd i 1957. Bygningen er bevart.
Kategori:Innsjøar i Aurskog-Høland Kategori:Haldenvassdraget