Øyangen er ein innsjø i Øystre Slidre kommune i Valdres. Han ligg 677 meter over havet og arealet er 1,47 km². Den største tilløpselva kjem frå Jødmannstjernet og Rognlifjellet. Frå Øyangen renn vatnet ut i Røyri. Øyangen er ein del av Vindavassdraget.
Øyangen er eit privateigd vatn, og fiske er normalt ikkje lov. I vatnet finst det aure, åbor og ørekyte.
Området rundt sjøen er prega av stølsdrift med kyr, og er eit populært hytte- og turområde både sommar og vinter.
Kategori:Innsjøar i Øystre Slidre