Vangsjøen er ein innsjø i Øystre Slidre kommune i Valdres i Innlandet. Han ligg 911 meter over havet og arealet er 1,378 km². Han strekkjer seg frå Rabalsmellen (1111 moh.) i søraust til Rennsennberget (1014 moh.) i nordvest. Dei tre største tilløpselvane i Vangsjøen kjem frå Rabalsvatnet, Røyri og Rennsennvannet. Den eianste elva som renn ut av Vangsjøen er Vangsjøåni som renn vidare til Yddin. Vangsjøen er ein del av Vindavassdraget.

Vangsjøen er i hovudsak eit privateigd vatn, men fiskekort kan kjøpast. I Vangsjøen finst aure, åbor og ørekyte.

Området rundt sjøen er prega av stølsdrift med kyr og geiter, og er eit populært hytte- og turområde både sommar og vinter. Rundt vatnet finst stølane Bukono, Rabalen, Buahaugen og Rennsennstølen. På austsida av sjøen ligg Vangsjøen Høyfjellstue.

Bakgrunnsstoff Vangsjøen Høyfjellstue .

Kategori:Innsjøar i Øystre Slidre