Reinsvatnet er ein innsjø som ligg i kommunane Lillehammer og Øyer i Innlandet.

Historikk Reinsvatnet vart bygsla frå 1660-talet av Storhove og Sør-Hove, nokre år seinare òg av Smestad. I 1726 vart Reinsvatnet seld til Lars Haave og Thord Smestad ved ein auksjon på Elstad i Ringebu. I 1921 gjekk Staten til sak mot eigarane med påstand om at Reinsvatnet ikkje var undergjeve privat eigedomsrett, dernest at kongeskjøtet berre overdrog fiskeretten og ikkje eigedomsretten. I 1922 vart eigarane kjent eiendomsberettiga til Reinsvatnet og Staten vart ilagt saksomkostningar.

I 1978 vart det open ferdsel for ålmenta til stangfiske mot løysing av alminneleg fiskekort for Fåberg Østfjell.

Reinsvatnet er framleis i privat eige, sameige består av 4 eigarar. Eidsiva energi eigde i mange år ein fjerdepart i sameige, men selde sin del i 2005 til ein privatperson.

Fiske og forvaltning Fiskeartar. Sik, aure, åbor (sjeldan), ørekyte Fiskereiskap. Storruse, botngarn, flytegarn, not, oter, stong

Forvaltinga av Reinsvatnet krev ein vedvarande sterk beskatning, først og fremst av sikbestanden. Etter innførsel av storrusa har ein sett ein markant kvalitetsbetring av både sik og aure. Berebjelken i forvaltinga er storruse- og garnfisket.

Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Geografi i Lillehammer Kategori:Geografi i Øyer