A (a) er den fyrste bokstaven i det latinske, eigentleg romerske, og i det kyrilliske alfabetet. Det er òg første bokstaven i det greske alfabetet (A, α) som ligg til grunn for det latinske, og i det fønikiske som det greske stammer frå. I den opphavlege biletskrifta har teiknet vore eit kuhovud med horn. I semittiske språk viser bokstaven til ein ustemt strupelyd som dannast ved at stemmebanda vert pressa saman og så blir sprengt frå kvarandre. Bokstaven heiter 'alif på arabisk og 'alef på hebraisk (' syner til strupelyden). På gresk heiter han alfa. Gresk har ikkje noko slik strupelyd, og der fekk teiknet lydverdien a. Dei semittiske alfabeta har ingen teikn for vokalar. I dei eldste greske innskriftene er teikne ein liggande A. Etruskarane tok opp det greske alfabetet og kalla bokstaven a. Frå dei kjem bokstaven og namnet til romarane, og frå dei gjennom fleire mellomledd til oss.
I den eldre runerekka var han det 4., i den yngre det 10., teiknet. A viser på norsk den mest opne av vokalane. Bokstaven A vert nytta i mange teikn- og forkortingssystem.
Versalen «A» kan stå for:
nasjonalitetsmerke på bilar frå og føre postnummer i Austerrike måleeininga for elektrisk straum (ampere) i SI-systemet symbol for nukleontal (massetal), talet på nukleonar i ein atomkjerne. Vert skriven i kursiv: A. Tonen A, ein note i musikken, ein einstroken A vert også kalla kammertone eit vitamin beste karakteren i høgare utdanning i Noreg kortet «ess» i kortspel (engelsk «Ace») forkorting for anno, 'i året' På tyske bilskilt: Augsburg På norske bilskilt frå før 1971: Oslo på eit ur står A for retning. Det er ei forkorting for fransk avancer, som tyder «gå framover». Det syner kva retning reguleringshaka eller pendelen skal stillast for å få uret til å gå raskare. forkorting for flytypen Airbus. på romerske myntar forkorting for Augustus. musikkalbumet A av Jethro Tull.
Minuskelen «a» kan stå for:
prefikset atto-, ein trilliondel, (=10−18) i SI-systemet flateeinga ar, lik 100 m² fransk preposisjon (à) som tyder til, opp, på eller for. På norsk vert det nytta i ein del franske uttrykk, til dømes à la carte, à jour, à la mode. I omtale av omtrentlege tal 2 à 3 dagar, 10 à 12 timar. Det vert òg nytta som handelsuttrykk, med tydinga til: 2 kg à kr 5,00. gresk preposisjon som tyder ikkje- eller u-, døme afasi, atypisk. Framfor vokal vert an- brukt, døme analfabet, anarki italiensk preposisjon som tyder i, på, til, med, ved om igjen (ã, ãã, a eller aa), frå gresk ana. Brukt mellom anna i reseptar for å oppgje «like mykje av kvart» a eller ab tyder av eller frå. à tyder til, for eller på. a- vert nytta som ein nektande partikkel som forstaving i framandord, til dømes atypisk. Føre vokalar vert forma an- nytta, til dømes analfabet.
Historie
Truleg var A opphavleg eit piktogram av eit oksehovud i egyptiske hieroglyfar eller det proto-semittiske alfabetet, som gjennom dei fønikiske og greske alfabeta kom med i det noverande latinske alfabetet.
Egyptian hieroglyphic ox headEgyptisk hieroglyfoksehovudProto-semitic ox headProto-semittiskoksehovudPhoenician alephFønikisk alef65px|Greek alphaGresk alfaEtruscan AEtruskisk ARoman ARomersk A
Typografi
Blackletter ABlackletter AUncial AUncial AAnother Capital AModern Roman AModern Roman AModern Italic AModern Italic AModern Script AModern Script A
Kategori:Det latinske alfabetet