Gålåvatnet er ein innsjø som ligg 775 meter over havet på høgfjellsdraget vest for Hundorp i kommunane Sør-Fron og Nord-Fron i Gudbrandsdalen. Setergrenda Gålå ligg ved vatnet, med utsyn mellom anna mot Jotunheimen i vest og Rondane i nord.
Gålåvatnet vart opphavleg kalla Gålåen, eit namn som truleg er danna av ordet gard i tydinga «gjerde» etter alle ledegjerda for fangstfolk ved vatnet.
Kvart år vert Peer Gynt-spelet vist ved Gålåvatnet.
Bakgrunnsstoff Webkamera over Gålåvatnet Historiske fotografi frå «Gålåvatnet» i Nasjonalbiblioteket sitt arkiv
Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Geografi i Nord-Fron Kategori:Geografi i Sør-Fron