Ånøya er ein innsjø som ligg i kommunane Melhus og Skaun i Trøndelag fylke. Innsjøen er noko demd opp i den nordlege enden på grunn av kraftutnytting (mindre kraftverk). Djupna er særs ujamn. Av fisk er aure, rør og ål vanleg.

Ånøya ligg om lag 10 km frå Trondheimsfjorden, og den store bekken Vigda er transportåra for ålen si vandring. Innsjøen ligg knapt 30 km frå Trondheim, og er eit populært ferie- og utfartsmål.

Kategori:Innsjøar i Trøndelag Kategori:Innsjøar i Melhus Kategori:Geografi i Skaun Kategori:Reservoar i Trøndelag