mini|Ivar Aasen er opphavsmannen til landsmålet, som med tida har utvikla seg til nynorsken av i dag. Nynorsk, før 1929 offisielt kalla landsmål, er sidan jamstillingsvedtaket av 12. mai 1885 ei av dei to offisielle målformene av norsk; den andre forma er bokmål. Nynorsk vert i dag nytta av om lag 10–15% av innbyggjarane i Noreg. Skriftspråket er basert på norsk talemål, det vil seie dei moderne norske dialektane til skilnad frå gamalnorsk og mellomnorsk. Når ein seier at nokon snakkar nynorsk, meiner ein helst at dei snakkar nynorsk normaltalemål. Dei færraste dialekttalande nordmenn seier at dei snakkar nynorsk, men det er ikkje uvanleg i kjerneområda til nynorsken. Dette tilhøvet mellom tale og skrift ligg bak målrørsla sitt slagord sidan 1970-talet: «Snakk dialekt – skriv nynorsk!» Nynorsknære dialektar vert snakka over heile landet, men det er berre på Vestlandet utanom dei største byene og i dei austlandske fjellbygdene at skriftspråket står sterkt. Det vil seie at dei fleste dialekttalarane har bokmål som det primære skriftspråket sitt.
Ein iaugefallande skilnad mellom nynorsk standardspråk og norske dialektar er at standardspråket tradisjonelt er prega av purisme i ordtilfanget med avgrensing mot ord av dansk og lågtysk opphav, sjølv om desse orda kan vere utbreidde i dialektane. Skriftspråket har derfor helst brukt ord som kan førast attende til gammalnorsk der slike har funnest i levande talemål. Formelt er purismen no stort sett avskaffa, men mange tradisjonelle nynorskord er godt innarbeidde og pregar det moderne skriftspråket.
Nynorsk normaltalemål er lite utbreidd utanfor situasjonar der ein er bunden av manus, som nyheitsopplesarar og skodespelarar. Det gjer at born kjenner det nynorske standardspråket dårlegare enn bokmål før dei lærer å lese, nynorsk vil derfor i større grad enn bokmål lærast på skulen. Dominansen til bokmålet gjer òg at dei som primært skriv nynorsk, både les og skriv meir bokmål enn bokmålsbrukarar les og skriv nynorsk. Dei nasjonale media, inkludert TV, radio, aviser, teikneseriar og bøker, er dei same over heile landet, så det er fyrst og fremst gjennom regionale TV- og radiosendingar, region- og lokalaviser, skule, yrkesliv (avhengig av yrke) og privat kommunikasjon at nynorsken står sterkare i nynorskområda enn i resten av landet.
Sidan det nynorske standardspråket er mindre utbreidd enn bokmål i skrift og tale, er nynorsk markert medan bokmål er umarkert. Det vil seie at nynorskbrukarar oftare må forklare og forsvare sitt språkval. Det har nynorsk sams med mange minoritetsspråk, og det kan forklare kvifor negative haldningar til nynorsk er utbreidde.
Historie Frå gammalnorsk til nynorsk I perioden frå svartedauden til reformasjonen i 1536 gjekk norsk språk gjennom ein periode med store endringar og forenklingar. Ei viktig drivkraft i språkendringane i perioden var kontakten med hanseatiske handelsmenn, det vil seie nordtyskarar, og deira nedertyske språk. Ikkje minst gjeld det ordtilfanget, som i stor grad vart bytta ut. Skandinavar og nordtyskarar kunne såleis lettare forstå kvarandre, men med det resultatet at avstanden til dei øynordiske språka islandsk og færøysk voks, og det nordiske språkområdet vart delt.
Mens det gammalnorske språket var relativt einskapleg med små dialektskilnader, var og er avstanden mellom dialektane i nynorsk mykje større. Utviklinga av dialektane hadde likevel gått mykje i parallell, for eksempel er kasussystemet sterkt svekka i alle dialektane, sjølv om nokre har bevart skiljet mellom nominativ og dativ.
Ivar Aasen og landsmålet Den fyrste systematiske granskinga av det nynorske språket gjorde Ivar Aasen, grunnleggjaren av norsk språkvitskap. På 1840-talet reiste han rundt i landet og studerte dialektane. I 1848 publiserte han Det norske Folkesprogs Grammatik og i 1850 kom Ordbog over det norske Folkesprog. Den fyrste skissa av ein normal kom i 1853 med Prøver af Landsmaalet i Norge. Aasen fullførte landsmålsnormalen med publiseringa av Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog i 1873.
Aasens arbeid byggjer på at dialektane hadde ein sams struktur som gjorde dei til eitt språk og skilde dei frå dansk og svensk. Det sentrale for Aasen var derfor å finne fram til og vise det strukturelle samsvaret mellom dialektane. Alt målarbeidet til Aasen var tufta på dette synet, og det er klart og prinsipielt formulert i dei fyrste linene i innleiinga til Norsk Grammatik:
«Det Tungemaal, som tilhører den norske Almue, har meget tilfælles med det svenske og dernæst ogsaa med det danske, men adskiller sig fra dem begge ved et Forraad af særegne Ord og Former, og har i det Hele saa meget eiendommeligt i Formen, at det ikke kan falde sammen med noget af disse Nabosprog, men maa nødvendig tænkes opstillet ved Siden af dem som en selvstændig Sprogform. I selve Grundlaget falder det nærmere sammen med den islandske Sprogform, som egentlig ogsaa er udgaaen fra Norge; men alligevel har dog den norske Form udviklet sig anderledes end den islandske, saa at ogsaa disse nu ere noget ulige.»
Den språkvitskaplege følgja av teorien var at Aasen såg det som si oppgåve å abstrahere einskapen i eit føreliggjande mangfald av dialektar. Då trong han eit grunnleggjande kriterium i vurderinga av dei mange ulike formene, og dette fann han i omgrepet «den fuldkomneste Form», som vart eit av dei mest sentrale omgrepa i språkteorien hans. I 1846 definerte han omgrepet slik: «Som fuldkomneste Form ansees den, der stemmer mest overeens med de beslægtede Ord, med andre Ord af samme Slags, og med Formerne i det gamle Sprog. Saaledes er f. Ex djup fuldkomnere end jup, Morgon fuldkomnere end Morgaa, Moron og Maaro, etla fuldkomnere end esle og elsje.» Ingen einskild dialekt hadde alle dei fullkomne formene: «Overalt tjener den ene Dialekt til at oplyse den anden; den fuldkomneste Form findes snart i Agershuus, snart i Bergens, snart i Kristiansands Stift».
Gjennom ei slik systematisk samanlikning kunne ein kome fram til eit samlande uttrykk for alle norske dialektar, det Aasen sjølv kalla grunndialekten og som Einar Haugen har kala protonorsk. Ut frå oppfatninga om eit protonorsk rangerte så Aasen dialektane som meir eller mindre «ægte». Det var fleire motpolar til omgrepa «norsk», «fullkommen» og «ægte», men dei to vanlegaste var «Bysprog» og «uægte». Ut frå denne rangeringa kom dialektane i Hardanger, Voss og Sogn øvst saman med nokre midlandske, som hallingmålet. Dialektane på det sentrale Austlandet og særleg bydialektane enda i andre enden av skalaen som dei mest «uægte».
Tanken om at granskinga skulle ende opp i eit nytt skriftspråk, prega arbeidet hans frå fyrste stund. Ein grunntanke for Aasen var at det skriftlege normalmålet – grunndialekten – skulle vere nynorsk, ikkje gammalnorsk. Han tok derfor ikkje med grammatiske kategoriar som ikkje lenger fanst i det levande talemålet. Men samstundes skulle òg dei kategoriane som var arva frå gammalnorsk og framleis fanst i talemålet, kome til uttrykk i skrift. Det har vorte sagt at Aasen bygde på dialektane og brukte gammalnorsk som appellinstans der han var i tvil om kva som var den fullkomne forma. Sidan Aasen avviste at ein fann alle grunndialekten sine fullkomne former i ein einskild dialekt, måtte landsmålsnormalen byggje på ei samanlikning mellom alle dialektane, der ein tok ut det beste frå kvar av dei. Haugen har teke i bruk ordet rekonstruksjon framfor konstruksjon, i og med at Aasen gjekk ut frå eit levende talemålsgrunnlag. Han skreiv i 1965: «Aasen meinte han hadde funne eit språk, medan andre sa han hadde funne opp eitt. Eg meiner vi no kan identifisere det som ein rekonstruert, klassisk standard for dei norske dialektane.»
Gustav Indrebø har sett opp fire prinsipp som Aasen følgde innanfor denne grunntanken i rekonstruksjonsarbeidet. Arne Torp og Lars S. Vikør har nemnt eit femte: Det sams systemet i dialektane i bøying og lydverk: Det var viktigare i normalspråket å få fram det sams systemet enn å få til eit strengt fonetisk samsvar med einskilddialektar. Samanhengslova: Samanhengen mellom nært beslekta ord skulle kome fram. Når ein skreiv kald, hug, riva, Vatn, skulle ein òg skrive kaldt, hugsa, rivna, vats-, ikkje kalt, huksa, remna, vass- sjølv om dei siste formene var mest i samsvar med uttalen. Skriftsystemet i nabospråka: Aasen skreiv for eksempel g(j)- og k(j)- i framlyd på same måte som i dansk, det vil seie ingen j framfor i, y og ei sjølv om uttalen var palatal. Det historiserande: Ein skulle kunne sjå samanhengen med gammalnorsk, men likevel ikkje slik at det kom på kant med dei andre prinsippa. Morfologisk eintydigheit: Kvar bøyingskategori skulle ha eit merke. For eksempel skulle inkjekjønnsformer ha -t både i substantiv (Huset, Augat) og i partisipp, adjektiv og determinativ (lagt, funnet, grønt, opet, nokot).
I motsetning til dei fleste andre som gjekk med tankar om eit landsmål i 1840-åra, såg Aasen for seg eit nytt bruksspråk som skulle fungere i praksis, og ikkje eit språk som berre skulle vere til stas og brukast til vitskaplege føremål, som nedskriving av folkedikting. Derfor ville Aasen at det som vart skrive på landsmål skulle vere mest mogleg einskapleg. Dess meir einskapleg det var, dess meir attkjennande og lettlært vart språket, og dess større respekt ville det få. Aasen var ein ihuga anti-ortofonist. Han hadde teke på seg den vanskelege oppgåva å gjere eit skriftspråk av eit mangfaldig talemålsgrunnlag, og ei streng gjennomføring av prinsippet om samsvar mellom tale og skrift ville i utgangspunktet gjort oppgåva meiningslaus.
Det pedagogiske for Aasen låg i den stabile norma og den indre samanhengen i språket. Det var hovudgrunnen til at han la så mykje inn på å motarbeide variasjon i språkbruken og endringar i landsmålsnorma heilt frå 1850-åra til han døydde. I tillegg til dei praktiske omsyna la Aasen vekt på at språket skulle ha ei respektabel form. Dersom det skulle vere konkurransedyktig med dansk, måtte det ha ein viss historisitet og drag som folk var vane med frå skriftspråka i dansk og svensk. Begge omsyn verka inn då han følgde skriftsystemet i nabospråka, og når han valde dei mest historiserande dialektformene.
1900-talet og språkreformene Heilt frå byrjinga var det forskjellige syn blant målfolk på korleis skriftnormalen skulle vere. Ivar Aasen var naturlegvis ein autoritet, men tidlege målfolk som Aasmund Olavson Vinje, Arne Garborg og Olaus Fjørtoft utvikla alle kvar sin variant. Lengst frå Aasen stod Fjørtoft, som argumenterte for direkte samsvar mellom skrift og daglegtale, sjølv skreiv han på sin sunnmørsdialekt. Den fyrste offisielle landsmålsrettskrivinga frå 1901 var likevel stort sett i samsvar med Aasens landsmål.
Det var fyrst med samnorskpolitikken at normeringa av landsmålet tok ei anna lei. Tanken var ved gradvise endringar i dei to skriftspråka å samle seg om éin samnorsk normal. Den fyrste reforma i denne retninga var rettskrivinga av 1907 for riksmål. Dette var rett nok hovudsakleg ei reform av dansk skriftspråk i retning av det dansk-norske talemålet, men hovudarkitekten bak denne reforma, Moltke Moe, såg sjølv dette som det fyrste steget på vegen mot samnorsk. Deretter følgde 1910-rettskrivinga i landsmålet og 1917-rettskrivingane i både landsmål og riksmål. Alle desse reformene var relativt varsame i høve til det som skulle kome, ikkje minst fordi dei mest radikale endringane var valfrie.
Den moderne forma av nynorsk vart til gjennom rettskrivingsendringane av 1938 og 1959. Den mest markante endringa var at skrivemåten av ei rad ord er endra. Mest merksemd har nok likevel det at det såkalla i-målet vart fjerna frå læreboknormalen fått. Dei aller fleste endringane av skrivemåtar og bøyingsmønster vart gjort for å kome i samsvar med anten tradisjonelt bokmål eller nye samnorskformer i bokmål.