Hudningsvatnet (òg kalla Huddingsvatnet; sørsamisk Hutnegejaevrie) er ein innsjø i Røyrvik kommune i Trøndelag fylke. Elvane Renselelva (frå Renselvatnet) og Orvasselva (frå Orvatnet i Joma) renn ut i den austlege delen av sjøen. I vest finn ein utløpet, der Hudningselva renn vidare til Vektaren. Sjøen er langstrekt og nesten delt i to av små øyar og grunne sund.

På grunn av omfattande forureining frå Grong Gruber vart den 2,8 km² austlege (indre) delen av sjøen i 1989 avstengd med terskel midtvegs, og samstundes underlagt overvaking av forureiningsnivået (NIVA). Orvasselva er ført forbi dette no avstengte bassenget og renn ut i det som no har vorte eit langt reinare vassdrag. Fram til avstenginga hadde all avgang frå gruvene gått ut i vassdraget.

Første busetnad ved sjøen var samisk, omtrent på 1800-talet. Sjøen er eit populært fiskevatn for grunneigarane. Både aure og røye finst i vatnet, og ørekyte kom i 1975. Det kjente Jomaløpet vert arrangert langs Hudningsvatnet, med oppstart i Joma og avslutning i Røyrvik sentrum.

Kategori:Innsjøar i Røyrvik Kategori:Ångermanälven-vassdraget