Idrottslaget Hødd er eit idrettslag frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Laget vart stifta 1. august 1919, og er mest kjend for fotballaget som var i eliteserien for menn i 1966, 1969–1972 og 1995. Klubben spelar i 2. divisjon, avdeling 1 (2020).

Hødd vart i 2012 noregsmeistrar etter at dei vann over i straffesparkkonkurranse.

Fotballpersonlegdomar som Åge Hareide og Jan Åge Fjørtoft har bakgrunn frå Hødd.

Historie Hødd rykte opp til toppserien for første gong i 1965 etter å ha vunne serien føre storlag som og . Det vart nedrykk året etter, men Hødd kjempa seg tilbake til toppserien i 1968. Denne gongen klarte klubben å halde seg oppe på målskilnaden. Tida rundt 1970 vart stordomstida for Hødd med storspelarar som Kjetil Hasund og Otto Sundgot. Hødd rykte ned att i 1972.

Etter fleire sesongar i 1. divisjon, med ein visitt i Tippeligaen 1995 (3. sist), rykte klubben ned til 2. divisjon i 2006. Etter ein katastrofal vårsesong og trenarskifte, fekk Hødd ein god haust og sanka ein del poeng. Men det heldt ikkje til å berge plassen. Erik Brakstad sa opp som trenar etter sesongen.

Etter 2006-sesongen tilsette dei årets tippeligatrenar i 2002, Sture Fladmark, som ny hovudtrenar. Klubben satsa hardt på å nå målet om opprykk i 2007-sesongen. Klubben reduserte ikkje budsjettet nemneverdig, men styrkte spelarstallen og tilsette hovudtrenararen på fulltid. 20. oktober 2007, i nest siste serierunde, vart det klart at Hødd skulle spele i 1. divisjon i 2008. Hødd er per dags dato det laget som har spelt flest sesongar i Adeccoligaen.

Hødd vart cupmeister i 2012 etter å ha slått Tromsø på straffer i Cupfinalen i fotball for herrar 2012. Som fylgje av god nynorskbruk og promotering som "noregsmeister", so fekk Hødd ein Målblome av Sunnmøre mållag.

Eliteserielag: 1966, 1969–72 og 1995.

Kjende Hødd-spelarar Kjetil Hasund Hallbjørn Hasund Otto Sundgot Åge Hareide Jan Åge Fjørtoft Ole Bjørn Sundgot Geir Hasund Arild Sundgot Lars Ivar Moldskred Morten Moldskred André Nevstad Magnus Myklebust Karl Oskar Fjørtoft

Adelskalender NamnKamparMål1André Nevstad 682 912Otto Sundgot 668 1833Kjetil Hasund 646 4604Hallbjørn Hasund 458 1335Sindre Eid 440 186Audun Wingsternes 421 127Tor Meinseth 406 308Per Dimmen 402 219Jan Arild Roppen 401 15910John Åge Sundal 378 60

Merittar Cupmeistrar: 2012

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Idrottslaget Hødd» frå , den 28. mai 2013.

Bakgrunnsstoff Offisiell side Blåsarane

Kategori:Ulstein kommune Hødd Hødd Kategori:Idrettslag skipa i 1919 Kategori:Fotballag skipa i 1919 Kategori:1919 i Noreg