Gresvatnet (sørsamisk Graesiejaevrie, på svensk side Gräsvattnet) er ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige. Den norske delen ligg i Hemnes kommune i Nordland fylke, den svenske i Västerbottens län. Innsjøen har eit areal på 22,63 km², av dette 18,67 km² i Noreg.
På kart finn vi òg skrivemåten «Grasvatnet», men skrivemåten med -e- vart vedteken av Statens kartverk i 2005. Forstavinga deler vatnet med fjellet Gresfjellet som ligg nord for vatnet. Sør for vatnet ligg Okstindan. Frå Gresvatnet renn Gresvasselva til Austre Kjennsvatnet.
Gresvatnet er regulert, slik at høgda varierer mellom 598 og 582 moh.
Kategori:Innsjøar i Nordland Kategori:Innsjøar i Lappland i Sverige Kategori:Geografi i Hemnes Kategori:Den norsk-svenske riksgrensa