Raudvatnet er ein innsjø i Rana kommune i Nordland. Mellomriksvegen E12 mellom Mo i Rana og Sverige («Blå vegen»), passerer nord og aust for Raudvatnet. Aust for Raudvatnet ligg ei Raude krossen-hytte («Rauvasshytta»).

Raudvatnet er kalla opp etter Raudfjellet, nord for innsjøen. Den raude fargen til fjellet kjem av hematitt, som i eldre tid vart vunne ut for å lage husmaling i Rana.

Hematitt frå dette «raude fjellet» var òg kjelda til husmaling i Nord-Sverige. Det forklarar kvifor dei fleste husa der er raude, og den Svenske fellesnemninga den Røda Stugan («den raude heimen») om heimen deira i dei Svenske kommunane Sorsele og Storuman.

På Raudfjellet ligg Litle Raudvatn, der ei elv renn nordaustover som ei sideelv til Plura. For å skilje mellom desse innsjøane, er Raudvatnet nokre gonger kalla Store Raudvatn.

Dei to hovudkjeldene til Raudvatnet (bortsett frå Tverrvatnet), er ei elv som renn frå vatnet Rausandhaugtjøn i nordaust og elva frå vatnet Kringla i sørvest. Frå Raudvatnet renn Tverråga i ein nordvestleg retning, og munnar ut som ei sideelv til Ranelva.

Raudvatnet er rikt på aure og røye, og er ein populær innsjø for fritidsfiskarar, både om sommaren og vinterstid (isfiske).

Raudvatnet og det omkringliggande området, er eit populært friluftsrområde. Blåvegenløpet Skifestival vart arrangert for 29. gang av I.L Stålkameratene den 31. mars 2007. Det endar i Brennåsen, nord for Gruben, og startar to stader: Umbukta (45 km) og Raudvatnet (21 km).

Det ligg om lag 550 hytter rundt innsjøen, og det vert arbeida med å legge inn elektrisk straum til hyttene.Rana Blad, 8. juni 2007: Lysende håp om hyttestrøm

Reinsdyr nær dei austlege strendene av Raudvatnet

Raudvatnet ligg i eit tradisjonelt samisk territorium, der dei tradisjonelle talarane av det Umesamiske språket ein gong florerte. Reindriftsnæringa er ein viktig del av næringsverksemda hos samane omkring innsjøen. Om vinteren er reinsdyrA gjerda inn aust for Raudvatnet og sør for Raudfjellet, og om sommaren vert dei slept laus og gressar i områda aust for Raudvatnet og sør for Tverrvatnet.

Raudvatnet vinterstid

Raudvatnet sommarstid

Raudvatnet om hausten

Gjennom ei trong bukt sørover, er Raudvatnet knytt til Tverrvatnet (), 680 meter over havet. Tverrvatnet [tvær'vatne], òg skrive Tvervatnet, har namnet sitt frå at det ligg «på tvers», i ei nord-sør retning, medan dei fleste andre innsjøane i Rana er lokaliserte i ei aust-vest retning.

Vatnet i Tverrvatnet flyt nordover inn i Raudvatnet. Tverrvatnet er ikkje skild frå Raudvatnet, men er eigentleg namnet på den sørlegaste delen av Raudvatnet. Tverråga (kalla opp etter Tverrvatnet) renn såleis ut frå Raudvatnet, ikkje Tverrvatnet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Raudvatnet» frå , den 21. april 2008. oppgav desse kjeldene: Det Bestes Store Noreg Atlas, Forlaget Det Beste A/S, Oslo, 1. utgåve, 1983, ISBN 82-7010-152-4

Kategori:Innsjøar i Rana