Næra er ein innsjø som ligg i Ringsaker kommune i Innlandet. Han er 5 km lang frå nordvest til søraust, og på det breiaste om lag 1 km . Han har låge, langgrunne og mest skogkledde sider med nokre oppdyrka stader. Grunna dette og det milde været i Hedmark, har Næra gode badetemperaturar heile sommaren. I 2009 fekk sjøen ein ny varmerekord med 27,6 Celsius. Særleg i den vestlege delen er det ein del holmar. På vinterhalvåret kan det bli så solide kuldegrader at sjøen har så mykje som 2 meter solid islag. Frå april til og med september er innsjøen gjest til hekkande canadagjæser. I sjøen finst gjedde, åbor og ørekyt.
Dei små elvane Mysuholta og Bøvra munnar ut i Næra. Sjøen har utløpet sitt i austenden og frå her renn vatnet gjennom Moelva ut i Mjøsa ved Moelv.
Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Geografi i Ringsaker Kategori:Reservoar i Innlandet