Skien kommune (uttalt /²ʃeːen/ [²ʃeːɛn̻]) er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar til Midt-Telemark og Kongsberg i nord , Siljan i aust, Porsgrunn og Bamble i sør, og til Drangedal og Nome i vest. Byen Skien er ein av dei eldste byane i Noreg, og har røter attende til år 900.

Kommunen har ei flatevidd på 778 km², der om lag 479 km² er skogareal, 46 km² jordbruksareal og 57 km² ferskvatn. Dei 197 km² som er igjen er byområde, bustadområde og industriområde.

Det eldste bygget i kommunen er Gjerpen kyrkje, bygd før 1150. Det høgaste punktet er Skårrafjellet, 814 moh.

Tilknytte Skien

Henrik Ibsen vart fødd i Skien i 1828 og budde i Skiensområdet til han var 16 år. Den store diktaren har gjeve namn kulturhuset i byen, Ibsenhuset.

Odds Ballklubb er ein av dei eldste fotballklubbane i landet, stifta i 1894.

Kjende personar frå Skien Henrik Ibsen (1828-1906), forfattar og dramatikar Hjalmar Johansen (1867-1913) polfarar og idrettsmann Tor Åge Bringsværd (f. 1939), forfattar

Verdt å sjå Lekeland i Skien Ibsenhuset Telemarkskanalen Brekkeparken Telemark museum

Bydelar Gjerpen Falkum Borgestad Hyni Gulset Strømdal Solum Skotfoss Gimsøy Klyve Nenset Tollnes Menstad Mælum Kilebygda Åfoss

Venskapsbyar Loimaa i Finland Mosfellsbær på Island Uddevalla i Sverige Thisted i Danmark

Skiensdialekten Tradisjonelt talemål i det området som no ligg innanfor grensene av Skien kommune, er variantar av grenlandsmålet, som blir klassifisert mellom dei vikværske dialektane.

Bakgrunnsstoff Skien kommune Heile Skienssongen i tekst og lyd.

Kategori:Kommunar i Telemark