Espen Lie () i Porsgrunn er ein norsk sjakkspelar. Han blei Noregsmeister i sjakk i 2007. Espen Lie blei også utnemnd til Internasjonal meister i sjakk (IM) i 2007.
Noregsmeister i sjakk I Noregsmeisterskapen i sjakk på Hamar i juli 2007 delte Espen Lie førsteplassen med Geir Sune Tallaksen, begge med 6,5 poeng på 9 rundar.Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007 s. 10-13 Det var dermed nødvendig med omkamp om NM-tittelen. Då begge spelar for Porsgrunn sjakklubb blei omkampen spela i Porsgrunn 21-23. september 2007. Etter to innleiande remisar i dei to første partia med lang tenketid, skulle det deretter spelast to og to parti med hurtigsjakk. Dei tre første av desse partia vart remis, men så vann Espen Lie det fjerde hurtigsjakkpartiet og kunne dermed motta kongepokalen. Norsk Sjakkblad nr. 5, 2007 s. 11-13
Internasjonal meister i sjakk Resultatet frå NM på Hamar var også så godt at det gav Espen Lie det tredje nødvendige nappet i IM-tittelen. Ratingkravet på 2400 var han over allereie, og han blei dermed utnemnd til Noreg sin 18. dåverande Internasjonale Meister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE i slutten av september 2007.Norsk Sjakkblad nr. 5, 2007 s. 25
Fire stormeisternapp I den store sjakkturneringa Reykjavik Open i mars 2008 klarte Espen Lie med 5,5 poeng på 9 rundar mot sterk motstand sitt første napp i stormeister-tittelen. Det andre nappet kom i Noregsmeisterskapen i Sandefjord i 2012 med 7 poeng på 9 rundar. Det tredje nappet kom i den internasjonale turneringa i Kragerø i slutten av februar 2017.Espen Lie sine stormeisternapp hos FIDE Han klarte også eit fjerde (unødvendig) stormeisternapp i eliteserien i sjakk sesongen 2017-2018 med 7,5 poeng på 9 rundar.Norsk Sjakkblad nr. 2, 2018 s. 58. Han har i ettertid dermed «berre» trengt å få eigen FIDE-rating over 2500 for å bli utnemnd til stormeister, noko som kan vere vanskeleg nok: Han har som best hatt 2492 i perioden april 2018 til mars 2019. Det er ingen tidsfrist for å klare ratingkravet på 2500.
Anna Espen Lie vart junior-noregsmeister i sjakk i 2002.Brekke 2014 s. 302 Espen Lie er ein yngre bror til sjakkstormeister Kjetil A. Lie.
Bakgrunnsstoff Nokre av Espen Lie sine parti hos www.chessgames.com Espen Lie sine sjakkparti i Noreg hos NorBase Espen Lie sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE
Kjelder Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007, s. 10-13 Norsk Sjakkblad nr. 5, 2007, s. 11-13 og s. 25 Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014, Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3
Fotnotar
Lie, Espen Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Kongepokalvinnarar Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar