mini|Festninga Dunnottar i Mearns i Skottland er eitt av dei beste festningsverka i Storbritannia. Staden var i bruk gjennom heile høgmellomalderen, og festninga sjølv kan daterast tilbake til 1200-talet.

Skottland i høgmellomalderen omhandlar historia til Skottland i ei tid som strekkjer seg frå kong Domnall II i 900 og til kong Aleksander III i 1286, og som førte indirekte til Den skotske sjølvstendekrigen.

På 900-talet og 1000-talet var den nordlege halvdelen av Storbritannia dominert av gælisk kultur, og av eit gælisk kongedøme kjent på gælisk som «Alba», på latin som anten «Albania» eller «Scotia», og på engelsk som «Scotland». Frå hovudbasen sin i austlege Skottland, nord for elva Forth, tok kongedømet Alba kontroll over landområda sørover. Kongedømet hadde ein blomstrande kultur som femnde om store delar av den gælisk-talande verda.

I tida etter regimet til kong David I på 1100-talet kan dei skotske monarkane betre bli beskrivne som skotsk-normanniske enn som gæliske ved det at dei sjølve heldt seg meir til fransk kultur enn den innanlandske skotske kulturen. Dei slutta seg til ei form for skotsk «normannisk erobring». Konsekvensane var spreiinga av franske institusjonar og franske sosiale verdiar. Dei fyrste byane, kalla burghar, blei danna i same tidsepoke. Etter kvart som burghane blei fleire blei også mellomengelsk språk spreidd. Til ein viss grad fekk denne utviklinga ei motvekt i den felles norrøn-gæliske kulturen i nordvest, og gæliseringa av dei mange store adelsfamiliane av fransk og anglo-fransk opphav. Perioden endar med det som er blitt kalla «ei gælisk fornying» i ein integrert skotsk nasjonal identitet. Sjølv om det ville seie eit framhald frå tidlegare tider, hadde den økonomiske, institusjonelle, kulturelle, religiøse og lovmessige utviklinga kring 1286 ført Skottland nærare naboane sine i England og på kontinentet. Kring 1286 tilsvara grensene til kongedømet Skottland bortimot det dei er i dagens moderne Skottland.

Skotsk historieforsking Skotsk historie frå denne perioden er eit omfattande forskingsområde. Ny forsking blir utgitt kvart einaste år og det historiske feltet skotsk mellomalder er vitalt og i stadig endring. Skotske mellomalderforskarar kan bli delt i to hovudgrupper: «keltarane» og «normannarane». Den fyrste gruppa, representert med historikarane Thomas Owen Clancy og Dauvit Broun, er interessert i landets opphavlege kultur og har ofte lingvistisk trening i keltiske språk. Den andre gruppa er opptatt av den fransk og anglo-franske kulturen som blei introdusert i Skottland etter 1000-talet. Den mest framståande historikaren med dette interessefeltet er G.W.S. Barrow som har vigd livet sitt til å studere føydalismen i England og Skottland i høgmellomalderen.

Skiljelinja til dei to gruppene står mellom historisk endring eller historisk fortsetjing. Mange av forskarane på 1900-talet og i dag har vore opptekne av dei kulturelle endringane som skjedde i Skottland i den normanniske epoken. Andre forskarar, som Cynthia Neville og Richard Oram, ignorerer ikkje dei kulturelle endringane, men har argumentert for at fortsetjinga av den gæliske fortida var like viktig.

Opphavet til kongedømet Alba

mini|Suenos stein ligg ved Forres, frå det gamle kongedømet i Fortriu, er eit testamente over makta til dei piktiske kongane. I løpet av epoken dei britiske øyane var okkupert av Romarriket enda provinsen Britannia formelt ved Hadrians mur. I området mellom denne muren og den antoninske muren oppmuntra romarane ei rekke høvdingdøme så dei kunne fungere som ei buffersone mellom dei romerske territoria og de nordlege områda til folkeslaget piktarane. Utviklinga av Piktland i seg sjølv, i samsvar med den historiske modellen som blei utvikla av Peter Heather, var ein naturleg reaksjon på den romerske imperialismen. Ved år 900 hadde samfunnslaga til piktarane utvikla seg til det gæliske kongedømet Alba.

På 900-talet hadde den skotske eliten begynt å utvikle ein erobringsmyte for å forklare gælifiseringa deira, ein myte som ofte blir kalla forræderiet til MacAlpin. Med det meiner ein at den tradisjonelle fyrste kongen i Skottland, Cináed mac Ailpín, (Kenneth I av Skottland) etter det ein trur skal ha utradert piktarane i éi einaste erobring. Dei tidlegaste versjonane av denne myten inkluderer «Livet til Den heilage Cathróe av Metz» og den kongelege slektshistoria som sporar opphavet sitt tilbake til Fergus Mór mac Eirc (Fergus I av Dalriada). Under regimet til Máel Coluim III (Malcolm III av Skottland) formaliserte diktet «Duan Albanach» myten i den gæliske poetiske tradisjonen. På 1200- og 1300-talet blei desse mytologiske tradisjonane innlemma i dokumentet ein nå kjenner som Poppelton-manuskripta, og i Arbroath-deklarasjonen av 1320. Dette trudde ein i den tidlege moderne perioden og etter, sjølv Jakob VI av Skottland (som samtidig var Jakob I av England og Irland) rekna opphavet sitt tilbake til Fergus, og sa sjølv at han var ein «monark som sprang ut frå rasen til Fergus».

Moderne historikarar har derimot begynt å avvise denne førestillinga om opphavet til Skottland. Ingen samtidige kjelder nemner denne erobringa. Gælifiseringa av Piktland var ein lang prosess som gjekk forut Cináed og det var beviseleg gælisktalande piktiske herskarar, kongeleg piktisk vern og støtte til gæliske poetar, gæliske inskripsjonar, og gæliske stadnamn. Omgrepet konge av Alba, berre registrert på begynninga av 900-talet, kan vere ei gælisk omsetting av Piktland. Endringane i identitet kan kanskje bli forklart ved at det piktiske språket døydde ut til fordel for gælisk språk, men like viktig er det at Causantín mac Áeda (Konstantin II av Skottland) tillèt skottifiseringa av den piktiske kyrkja, og det psykologiske presset frå invasjonsbølgjene frå Noreg, mest følt i det piktiske hovudområdet i Fortriu, det vil seie dei nordlege områda rundt Moray og Easter Ross i dagens Skottland.

Utanfor Alba var kongedømet Strathclyde i dalen til elva Clyde delvis uavhengig, tilsvarande gjaldt for gælarane (nemning for dei som snakka eit gælisk språk) i det vestlege området Argyll («kystlandet til gælarane») og dei nordvestlege øyane (nordlege Irland og delar av områda Argyll, Bute og Antrim (tidlegare Dál Riata)), men ikkje Hebridane. Dei søraustlege områda var blitt oppslukte av det engelske kongedømet Bernicia/Norminiria på 600-talet, og nye invasjonar med nordmenn begynte å dominere mesteparten av dei vestlege og nordlege øyane, Hebridane og Shetland, forutan nordspissen av Skottland (Caithness). Også i området rett nord i Irskesjøen på øya Man, og dessutan Galloway som var under sterk norrøn og gælisk påverknad, men utan at et kongedøme reiste seg i sistnemnte område.

Kongedømet Alba eller Scotia

Gæliske kongar frå Domnall II til Aleksander I mini|Piktisk beist, helleristning av fantasiliknande dyrefigur som oftast opptrer om symbol på steinar etterlètne av piktarane. Meninga til symbolet er framleis ikkje klargjort. Kong Domnall II var den fyrste høvdingen som blei kalla rí Alban, det vil seie konge av Alba (altså Skottland), da han døydde i festninga Dunnottar i år 900. Alle forgjengarane hans blei kalla anten konge av piktarane eller konge av Fortriu. Ei slik tilsynelatande endring i dei gæliske krønikene har stundom blitt sett på som fødselen til nasjonen Skottland, men det er inkje ekstraordinært ved regimet hans som stadfester ein slikt paradigmeskifte. Domnall hadde kallenamnet dásachtach som rett og slett betydde den sinnssjuke, eller i tidlege irske lovar, ein mann som ikkje var i kontroll over funksjonane sine og dermed utan lovmessig skyld. Faktisk blir det lange regimet (900–942/3) til etterfylgjaren hans, Causantín (Konstantin II av Skottland), oftare sett på som nøkkelen til danninga av høgmellomalderens kongedøme Alba. Til tross for nokre tilbakeslag var det i løpet av denne perioden at skottane klarte å stå imot presset frå utvidingane nordmennene gjorde i landområda i nord utover dei vestlege og nordlege øyane og området Caithness.

Perioden mellom tiltredinga av Máel Coluim I (Malcolm I av Skottland) og Máel Coluim II (Malcolm II av Skottland) blei markert av sterke band til Wessex-herskarane i England, opprivande interne dynastiske stridar, men til tross for det, også ei viss suksessfull utviding av områda til kongedømet. I 945 overtok kong Máel Coluim I området Strathclyde som ein del av ein avtale med kong Edmund I av England, ei hending som delvis blei avleia av tapet av kontroll Máel Coluim opplevde i området Moray. Ein gong i tidsrommet under styret til kong Idulb (Indulf av Skottland, 954–962) erobra skottane festninga som blei kalla «oppidum Eden», det vil seie det seinare Edinburgh. Skotsk kontroll over området Lothian blei styrkt med Máel Coluim IIs siger over norminirianarane islaget ved Carham i 1018. Skottane hadde sannsynlegvis ein del autoritet i Strathclyde i den siste delen av 900-talet, men kongedømet hadde også sine eigne herskarar, og det er ikkje klart om skottane var sterke nok til tvinge gjennom total autoritet.

Regimet til kong Donnchad I (Duncan I av Skottland) frå 1034 blei fylgt av mislykka militære eventyr og han blei nedkjempa og drepen av mormaar av Moray, det vil seie kongedømet av Moray, ved Mac Bethad mac Findláich (Macbeth av Skottland) i 1040. Mac Bethad styrte i 17 år og så fredsant at han var i stand til å gjere ei pilegrimsferd til Roma. Likevel blei han styrta av Máel Coluim (Malcolm III av Skottland), ein slektning av Donnchad som 18 månader seinare sigra over Mac Bethads etterfylgjer Lulach som kong Máel Coluim III. I den påfylgjande mellomalderske propagandaen blei det korte regimet til Donnchad beskrive i positive vendingar mens Mac Bethads lange styre blei tilsvarande negativt framstilt. William Shakespeare fylgde denne forvrengte historieskildringa i beskrivinga av begge menn i det berømte teaterstykket Macbeth.

Det var Máel Coluim III, og ikkje faren Donnchad, som gjorde meir for å danne det suksessfulle dynastiet som styrte Skottland i dei fylgjande to hundreåra. Ein del av suksessen var det store talet born han hadde, kanskje så mange som eit dusin, gjennom ekteskap med den norske adelskvinna Ingebjørg Finnsdotter, og deretter med den anglo-ungarske prinsessa Margaret, som seinare blei helgenerklært som Den heilage Margaret av Skottland. Trass i at han hadde ei kongeleg angelsaksisk kone brukte Máel Coluim mykje tid på plyndring og slavetokt i England, og utnytta ytterlegare dei tunge tidene folk flest hadde i etterkant av den normanniske erobringa av England, spesielt dei normanniske massakrane vinteren 1069–1070. Krønikeskrivaren Máel Brigte (Marianus Scotus) skreiv at «gælarane og franskmennene herja engelskmennene, og engelskmennene blei spreidde og døydde av svolt og blei tvunge til å eta menneskeleg kjøtt.»

Sjå eigen artikkel, Massakrane i Nord-England.

Máel Coluims herjingar og forsøk på å smi krav for etterfylgjarane sine i dei nordlege engelske områda tvinga fram ein reaksjon frå dei normanniske herskarane i England ovanfor det skotske kongedømet. Máel Coluim hadde gifta seg med Margaret, systera til den angelsaksiske fordringshavaren til den engelske trona, Edgar Ætheling, og hadde med dette ekteskapet gitt dei fleste av borna sine kongelege angelsaksiske namn. I 1080 sende kong Vilhelm Erobreren sonen sin med ein hærstyrke for å erobre Skottland. Máel Coluim bøygde unna, underkasta seg Vilhelms autoritet og overgav sin eldste sønn Donnchad som gissel. Kong Máel Coluim døydde sjølv på eit plyndringstokt i 1093.