Ein Blu-ray Disc|thumb Blu-ray Disc (forkorting BD) er eit optisk lagringsmedium utvikla av ei gruppe elektronikkselskap, først og fremst for avspeling av høgoppløyst film. Blu-ray konkurrerte med HD-DVD om å verte den neste standarden for optiske medium, det vil seie etterfølgjaren til DVD. Etter at Toshiba 19. februar 2008 uttalte at dei avslutta satsinga si på HD-DVD, var det Blu-ray som vart denne etterfølgjaren.HD-DVD er offisielt død

Namnet Blu-ray Disc kjem frå den blåfiolette laserljoset som vert nytta til lesing og skriving til platene.

Lagringsplass På grunn av laseren si bølgjelengde (405 nm), som er kortare enn bølgjelengda til laseren i ein DVD-lesar/brennar kan ein lagre mykje meir data på den same fysiske storleiken. Dagens plater (2011) kan innehalde opp til 25 gigabyte på eitt lag, og upp til 50 gigabyte på to.

Regionkoding Regionskodinga på Blu-ray er delt i tre regionar: Region A: Amerika, Søraust-Asia, Taiwan, Japan, Hong Kong, Macau og Korea. Region B: Europa, Afrika og Sørvest-Asia, Australia og New Zealand Region C: Sentral-Asia, Sør-Asia, Kina og Russland

Sjå og HDTV Holographic Versatile Disc (HVD)

Referansar

Kjelder Denne artikkelen byggjer på sida «Blu-ray Disc» frå , 18. september 2011.

Bakgrunnsstoff Blu-ray vs. HD-DVD, cdfreaks.com

Kategori:Digitale lagringsmedium Kategori:Digitale lagringsmedium for lyd Kategori:Digitale lagringsmedium for video Kategori:Digitale lagringsmedium for spelkonsollar