Tove-Lise Torve () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet som har vore ordførar i Sunndal kommune og stortingsrepresentant.

Torve vart fødd på Sunndalsøra. Ho har vore nestleiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti, og for kvinnenettverket i Møre og Romsdal Arbeidarparti. Ho vart vald til ordførar i Sunndal kommune i Møre og Romsdal for perioden 2007-2011.

Tove-Lise Torve vart vald inn på Stortinget i 2009, og gjekk då av som ordførar i Sunndal. Ved valet var ho Arbeiderpartiet sin 3. kandidat i fylket.

Torve er utdanna sjukepleiar.

Stortingskomitear 2009–2013: Medlem i Justiskomiteen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tove-Lise Torve» frå , den 29. april 2008.

Bakgrunnsstoff Tove-Lise Torve hos TV 2

Kategori:Ordførarar i Sunndal Kategori:Ap-ordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Folk frå Sunndal Kategori:Ap-politikarar i Møre og Romsdal