Hunnselva er ei elv som renn frå utløpet av Einafjorden ved tettstaden Eina i Vestre Toten kommune nordover forbi Reinsvoll og Raufoss før ho renn ut i Mjøsa på Gjøvik. I Gjøvik deler elva bysentrum mellom dei to bydelene Nordbyen og Sørbyen.

Før dagens form var namnet Hunn som truleg kjem frå eit angelsaksisk ord som tyder «jakt/bytte» (Húð) og som seinare gav namn til garden Hunn i Vardal. Tettstaden Hunndalen sør i Gjøvik kommune har òg sitt opphav i dette elvenamnet.

Kategori:Elvar i Innlandet Kategori:Geografi i Gjøvik Kategori:Geografi i Vestre Toten