Gargiaelva er ei sideelv til Altaelva i Finnmark fylke og er ein del av Alta-Kautokeino-vassdraget. Elva munnar ut om lag 27 km opp i Altaelva. Elva startar på Beskades som er ein del av Finnmarksvidda. Nedslagsfeltet til elva er lite og drenerer berre denne delen av vidda. Gargafossen som er om lag 1 km opp i elva gjer at det ikkje går særleg mykje fisk i elva. Litt røye og aure kan gå opp i nedre del av elva.
Kategori:Elvar i Finnmark Kategori:Geografi i Alta Kategori:Alta-Kautokeinovassdraget