Mongefossen er den femte høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Sidan han berre har eitt fall er han òg den fossen i Europa med lengst fall.Mongefossen er ein hestehalefoss, som vil sei at han følgjer berget eit stykke før han kjem ut i fritt fall. NVE opererer berre med høgda på det frie fallet, som er om lag 300 meter. Han ligg i sjølve Romsdalen i Rauma kommune i Møre og Romsdal, mellom Fladmark og Marstein.

Fossen er regulert til kraftutbytting i Grytten kraftverk og er derfor tørrlagt store delar av året. I samband med mykje nedbør eller stor snøsmelting kan det kome vatn i fossen. Fossen ligg tett ved Raumabanen og skal vere den høgaste fossen som ein kan sjå frå ei jernbanelinje.

Sjå òg Fossar i Noreg

Kjelder Mongefossen på World Waterfall Database

Fotnotar

Kategori:Fossar i Møre og Romsdal Kategori:Geografi i Rauma