Åmot finst òg andre stader i landet Åmot er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord til kommunane Rendalen, i aust til Trysil, i sør til Elverum, i sørvest til Hamar og Ringsaker og Løten, og i vest til Stor-Elvdal.
Kommunen har fått namnet Åmot ('åmøte') fordi dei to elvane Glåma og Rena møter kvarandre her.
Åmot har 4 skolar: Åmot ungdomsskole og Rena Barneskole som ligg på kommunesenteret Rena. I tillegg kjem Deset Oppvekstsenter og Osen Oppvekstsenter som ligg kvar seg på Deset og Osen.
Klima
Åmot har innlandsklima med relativt lite nedbør, varme somrar og store skilnader mellom dag- og nattetemperaturen i sommarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gjevne i tabellen nedanfor.
Normaler for Rena (240 moh.)eklima.no Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År Temperaturnormal (°C) −11,2 −9,6 −3,7 1,7 8,2 13,2 14,3 12,5 7,7 2,9 −4,3 −9,3 1,9 Nedbør (mm) 50 38 40 42 62 78 90 79 85 80 67 55 766
Det har (med enkelte avbrot) blitt drive meteorologiske målingar i regi av met.no i Åmot frå 1873. Høgaste og lågaste offisielt registrerte temperaturar i kommunen er 34,0 gradar 19. juni 1970 på Haugedalen målestasjon og −41,9 gradar 23. desember 1915 på Rena.Oversikt over luftens temperatur og nedbøren i Norge i året 1915, utgitt av Det Norske Meteorologiske Institutt (DNMI - nå met.no).
Utdanning Høgskolen i Hedmark
Kjende personar frå Åmot kommune Vidar Sandbeck, forfattar Anne Cath. Vestly, barnebokforfattar (Rena)
Bilete
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Åmot kommune
Kategori:Tidlegare kommunar i Hedmark Kategori:Kommunar i Innlandet