Carl Nielsen () var ein dansk komponist og dirigent. mini|Carl Nielsen sin barndomsheim i Nørre Lyndelse.

Carl Nielsen var fødd i Sortelung ved Nørre Lyndelse på Fyn, der han voks opp. Faren var gardsarbeidar, men tente litt ekstra som landsbymusikant. Han lærte barna sine å spele fiolin. Her viste Carl Nielsen sitt store talent seg. Han fekk plass som trombonist i eit militærorkester. Her lærte han å spele på ei rekkje instrument, og blei forfremja til korporal. Dette opna sjansane for ein friplass på musikkonservatoriet.

Som komponist er Carl Nielsen blitt karakterisert som det største nordiske musikktalentet i si tid. Han skreiv alt frå enkle melodiar til symfoniar og operaer. Carl Nielsen sitt portrett pryder dei danske 100-kronersetlane.

Nielsen var gift med bilethoggaren Anne Marie Carl Nielsen.

Verk Orkesterverk Symfoni nr 1 (1891-92) Symfoni nr 2 - De fire Temperamenter (1901-02) Symfoni nr 3 - Sinfonia Espansiva (1910-11) Violinkonsert (1911) Symfoni nr 4 - Det Uudslukkelige (1914-16) Symfoni nr 5 (1920-1922) Symfoni nr 6 - Sinfonia Semplice (1924-25) Klarinettkonsert (1928)

Kammermusikk Blåsekvintett (1922)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carl Nielsen» frå , den 6. mai 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Danske musikarar Kategori:Danske komponistar Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen Kategori:Folk frå Faaborg-Midtfyn