mini|Sordin av gummi på ein cello. mini|Trompet med ulike typar sordinar. Ein sordin er ein dempar brukt med visse musikkinstrument for å skape ei dempa klang.
For messinginstrumenta er sordinen eit kjegle- eller pæreforma stykke av tre, metall, papp eller anna materiale som blir plassert i sjallstykket. For strykeinstrumenta er sordinen eit mindre kamforma stykke tre eller gummi som blir plassert på stolen til strykeinstrumentet. Spesielle øvingssordinar eller nattsordinar er av metall og laga for å dempe lyden så mykje som mogeleg. Pianoet kan sordinerast ved å trykke ned den venstre pedalen. Dette forskyv anslagsmekanismen, slik at hammarene berre treff ein del av strengekoret slik at klangen blir svakare. Slagverk kan sordinerast ved å legge eit pledd over skinnet.
Sordin utanfor musikken Ein Hamsun-roman frå 1909 har tittelen En vandrer spiller med sordin. I diktet «Hundrede fioliner» av Arnulf Øverland står det skrive: «Og engang kommer den hellige natt / da evighetens sordiner / forvandler den bitreste kval du har hatt / til hundrede fioliner».
Kjelder
Kategori:Musikkinstrumentutstyr