thumb|Fra den første Bayreuth-oppsetningen: Amalia Materna (som Brünnhilde) sammen med Cocotte som spilte Brünnhildes hest, Grane. Cocotte var en gave fra kong Ludwig II.

Der Ring des Nibelungen (Nibelungenringen) er ein syklus av fire episke operaer av Richard Wagner, inspirert av germansk og nordisk mytologi. Både musikken og librettoen er komponert av Wagner over ein periode på 26 år, frå 1848 til 1876.

Første ferdigkomponerte opera i verket, Rhingullet, hadde urpremiere i 1869. Nibelungenringen blei uroppført som samla verk i august 1876 i det nyoppførte festspelhuset i Bayreuth i Tyskland, der den mest berømte framføringa av verket framleis har fleire års ventetid på billettar.

Ring-syklusen består av: Das Rheingold (Rhingullet) Die Walküre (Valkyrien) Siegfried Götterdämmerung (Ragnarok)

Ringen er eit ambisiøst verk av enorme dimensjonar; operaene varer samla over 15 timar – den siste, Götterdämmerung, kan vare opp til fem timar aleine. Tetralogien følgjer gudar, heltar, fabeldyr og gigantar over tre generasjonar, i kampen deira om Ringen, som gjev beraren makt over heile verda.

Musikken er fyldig og samansett, og aukar i kompleksitet gjennom syklusen. Wagner skreiv for eit orkester som på den tida var av uhøyrd storleik, og han bygde endatil eit eige operahus i Bayreuth spesielt for Ringen. Scena blei bygd med tanke på at orkesteret ikkje skulle overdøyve songarane, som elles ville slite seg ut i dei lange førestillingane. Akustikken i dette teateret er av det beste i verda; andre stader er det ofte vanskelegare å oppnå balanse mellom songarar og orkester. Kvart år vert Bayreuther Festspiele arrangert, der desse og andre av Wagner sine operaer vert framførte.

Handling

Verket er ca. 15 timar langt, og handlar om dilemmaet mellom makt og kjærleik. Historia startar med skapinga av verda, og sluttar med undergangen til gudeverda. Verket startar i ei mytisk tid, men endar i notida:

I Rhingullet blir det synt fram gudar, halvgudar, kjemper, dvergar og alvar, men ingen menneske.

I Valkyrien dukkar nokre menneske opp. Men det er gudane og dei mytiske vesena som har makta.

I Siegfried skaper menneska sitt eige sjølvstende og deira eige liv, i motsetning til verda til gudane.

I Ragnarok lever menneska i eit moderne samfunn i samspel og konflikt med kvarandre. Verda til menneska er no ei sjølvstendig verd, som gudane ikkje kan påverke. Gudane og verda deira går til slutt under, og menneska må klare seg på eiga hand.

Rolleliste

Inn-tredenRollenamnNorrønt namnStemmeSkapningSkildring1Woglinde sopranRhinjomfruVaktar av rhingullet1Wellgunde sopranRhinjomfruVaktar av rhingullet1Floßhilde kontra-altRhinjomfruVaktar av rhingullet4AlberichAndvarebarytonNibelungTjuv av rhingullet, herskar over Nibelungane fordi han har den magiske ringen og Tarnhelm («Nattalv»)5WotanOdinbassbarytonGudGudkongen, gud for lyset, lufta og vinden («Lysalv»)6FrickaFriggmezzosopranGudinneKona til Wotan, gudinne for ekteskapet, vaktar av moralen 7FreiaFrøyasopranGudinneSystera til Fricka, gudinne for kjærleik og evig ungdom, symbolisert av det gylne eplet8DonnerTorbarytonGudBror til Fricka, gud for tore og makt, symbolisert av hammaren9FrohFrøytenorGudBror til Freia, gud for vår og fruktbarheit10LogeLoketenorGudHalvgud, gud for elden, ein god løgnar 11MimeMímirtenorNibelungDen kloke smeden, smir Tarnhelm, bror til Alberich, fosterfar til Siegfried12Nibelungane NibelungSlavefolket i Nibelheim (Nivlheim) 13FasoltReginbassbarytonKjempeBygde Walhall for gudene13FafnerFavnebassKjempeBygde Walhall for gudene15ErdaFjorgynkontra-altGudinneVisdommen og jordens gudinne16Siegmund tenorMenneskeVolsung, menneskesonen til Wotan, erobra sverdet Nothung17Sieglinde sopranMenneskeDen antatte tvillingsystera til Siegmund, blir elskarinna hans 18Hunding bassMenneskeSieglinde sin dystre mann, leiar for Neiding-klanen19Brünnhilde sopranValkyrjeDotter til Erda og Wotan, yndlingsvalkyrja hans. «Allvitande».20Valkyrjene sopranValkyrjerWotan sin livgarde i Walhall: Gerhilde, Ortlinde, Waltraute, Schwertleite, Helmwige, Siegrune, Grimgerbe, Rossweiße.21SiegfriedSigurd FåvnesbanetenorMenneskeVolsung, sonen til Siegmund og Sieglinde etter det antatt incestuøse forholdet, sone-dottersonen til Wotan. Smir Nothung på nytt, slår Fafner og Mime, vinn Nibelungskatten, vekker opp Brünnhilde og ektar henne.22FafnerFåvnebassDrageFafner som drake, omskapt på grunn av grådigheita si.23WaldvogelsopranFuglViser den unge Siegfried vegen til Brünnhilde.24NorneneNornekontra-alt, mezzosopran, sopranNorneErda sine døtrer som vever skjebnen til verda. I nørrøn mytologi er desse Urd (fortid), Verdande (notid) og Skuld (nødvendigheit, dvs. fortid, notid og framtid).25GuntherbarytonMenneskeKonge av Gibichungane, son av kong Gibich og dronning Grimhilde. Gibichheim ligg ved Rhinen.26GuthrunesopranMenneskeGunther si søster, forelskar seg i Siegfried.27HagenBassMenneskeDronning Grimhilde og Alberich sin bleke son, Gunther og Guthrune sin halvbror28Waltraute mezzosopranValkyrjeSyster til Brünnhilde.29Die MannenMenneskeHagen sine dystre kompanjongar og livgarde.30EdelfrauenMenneskeHyllar Guthrun i bryllaupet hennar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Der Ring des Nibelungen» frå , den 6. mai 2008. Bayreuth - ventelistene er flere år lange i Nordjyske Stiftstidende, torsdag 17. juli 2003, 3. seksjon, side 2.

Bakgrunnsstoff Musikbibliotek.dk Richard Wagner Web Site

Kategori:Operaer av Richard Wagner Kategori:Tyskspråklege operaer Kategori:Operaer frå 1800-talet