Ngatea er ein liten by i området Hauraki Plains på Nordøya på New Zealand. Han ligg i regionen Waikato, 18 km sørvest for Thames og 70 km søraust for Auckland i Hauraki District. Ngatea ligg ved Piako-elva, åtte km sør for der ho munnar ut i havbukta Firth of Thames. Innbyggjartalet var 1164 ved folketeljinga i 2006.Statistics New Zealand
Ngatea er tenestesenter i det blømande jordbruksområdet i Hauraki Plains, og vart grunnlagt først på 1900-talet som eit resultat av ei eineståande rekkje med kanalar og og flaumportar som tørrla landet og omdanna det til eit rikt område for produksjon av mjølk og mjølkeprodukt.
Byen yter også tenester til den motoriserte ferdsla mellom Auckland og Coromandelhalvøya og Bay of Plenty etter som han ligg ved riksvegen State Highway 2.
I og omkring Ngatea er ulike turistattraksjonar, både historiske og nyare, til dømes opplevingsparken Ngatea water gardens,Om parken Ngatea Water Gardens torvmyrer, og ein smykkesteinfabrikk.
Referansar
Oversikt over Ngatea frå distriktsstyresmaktene
Kategori:Thames-Coromandel Kategori:Byar på New Zealand Kategori:Busetnader i Waikato