Wyspa Sobieszewska er ei øy i Austersjøen mellom Gdańskbukta og deltaet til elva Wisła i Polen. Øya er ein del av byen Gdańsk.

Nord for øya ligg Gdańskbukta, medan ei grein av Wisła kalla Leniwka renn i sør. Den vestlege grensa vart danna i 1840 under ein flaum som skapte eit nytt elvefar for Wisła kalla Śmiała Wisła. Den austlege grensa vart grave ut i 1895 som eit nytt og kunstig elvefar for Wisła kalla Przekop Wisły.

I Górki Wschodnie ligg eit fuglereservat og eit senter for forsking på fuglar.

Wyspa Sobieszewo er ein av 30 bydelar i Gdańsk.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sobieszewo Island» frå , den 8. mai 2008.

Bakgrunnsstoff Kart over Sobieszewo Stowarzyszenie Przyjaciół Wyspy Sobieszewskiej

Kategori:Gdańsk Kategori:Øyar i Polen