Nordre Land kommune er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nord til Nord-Aurdal og Gausdal, i nordaust mot Lillehammer, i aust mot Gjøvik, i sør mot Søndre Land, i sørvest mot Sør-Aurdal, og i vest mot Etnedal. Kommunen høyrer til landskapet Land.

Personar som kjem frå Nordre Land kommune blir kalla for nordrelending.

Areal og befolkning mini|venstre|Dokka er kommunesenter i Nordre Land mini|venstre|Åmot kyrkje (Torpa i Nordre Land) Per 2007 var 41 % av innbyggjarane busett i tettbygde strøk. Dei fleste nordrelendingar bur i og rundt kommunesenteret Dokka med . Elles er det spreidd busetnad i Vest-Torpa, Nord-Torpa og Aust-Torpa.

Nordre Land kommune svarar til området for Nordre Land prestegjeld, i Hamar bispedømme.

Historie Frå 1837 låg Nordre Land i Land formannskapsdistrikt. I 1847 vart dette delt i Nordre og Søndre Land formannskapsdistrikt. Land hadde 9199 innbyggjarar da distriktet vart delt. 1. januar 1914 vart Nordre Land delt ved at Torpa vart skilt ut som eigen kommune.

1. januar 1962 vart kommunane Torpa og Nordre Land, i tillegg til krinsen Tranlia og eigedomen Store Røen frå gamle Fluberg kommune (til saman 196 innbyggjarar i Fluberg-områda) slegne saman til dagens Nordre Land kommune.

Geografi Innsjøane Randsfjorden, Dokkfløyvatnet og Akksjøen ligg i kommunen. Dokkaelva renn frå Dokkfløyvatnet i nord og ned gjennom Torpa og mot tettstaden Dokka, og vidare ut i Randsfjorden. Denne elva er regulert. Elva Etna renn frå nabokommunen Etnedal i vest, gjennom Nordsinni, før ho også renn ut i Randsfjorden. Denne elva er ikkje regulert.

Kommunevåpen Kommunevåpenet vart vedtatt i 1986. Det viser to gule tømmerfløytarhaker på blå grunn. Reiskapen vart vald som symbol på kommunevåpenet sidan han speglar den lange historia med tømmerfløyting i Randsfjordsvassdraget. Grafikaren Dag Magne Staurheim designa motivet.

Kjelde

Denne artikkelen bygger på «Nordre Land» frå , den 7. juni 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Nordre Land kommune

Kategori:Tidlegare kommunar i Oppland Kategori:Kommunar i Innlandet