Wigry er ein innsjø nordaust i Polen i Podlasie-voivodskapet.

Wigry ligg i skogane i Augustów-villmarka og det veks tre langs om lag 80 % av breidda av innsjøen. Det er 19 mindre og større øyar i innsjøen og opp til 26 fiskeartar held til her, mellom anna gjedde, aure og åbor. Innsjøen og området rundt er ein del av Wigry nasjonalpark. Telting og grilling er berre lov ved visse stader.

Det er populært med kanopadling i innsjøen og Wigry, i tillegg til elva Czarna Hańcza, er ein del av den kjende kanoløypa til Johannes Paul II.

Sjå òg Augustówkanalen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wigry Lake» frå , den 11. mai 2008.

Kategori:Innsjøar i Polen Kategori:Podlasie-voivodskapet