Gerhard Henrik Armauer Hansen () var ein norsk lege og patolog. Han forska på sjukdomen lepra, som òg er kjend som spedalskheit. Leprabasillen observerte Armauer Hansen for fyrste gong i mikroskop den 28. februar 1873. Sjukdomen vert framleis kalla Hansen's Disease i mange land.

Armauer Hansen vart fødd i Bergen i 1841 og studerte medisin ved Det Kongelige Fredriks Universitet (no Universitetet i Oslo) til 1866. Han jobba i korte periodar ved nasjonalsjukehuset i Kristiania og i Lofoten, før han flytta attende til Bergen i 1868 for å jobba med lepra saman med Daniel Cornelius Danielssen. Han døydde i Florø i 1912.

Bakgrunnsstoff Lepramuseet i Bergen om Armauer Hansen Bergen bibliotek Nettutstilling om Armauer Hansen Digitalarkivet si nettutstilling om Lepraarkiva Armauer Hansen Research Institute

Kategori:Norske legar Kategori:Norske patologar Kategori:Folk frå Bergen