Sjå òg artikkelen om elva Ślęza

Ślęża (tysk Zobten eller Zobtenberg, òg kalla Silingi) er eit fjell i Sudetane (Pogórze Sudeckie) i Nederschlesen sør i Polen. Området er eit naturreservat som hovudsakleg består av granitt og har ei høgd på 718 meter over havet. Fjellet er dekt av skog og vart skildra av Klaudios Ptolemaios som Asciburgius i Magna Germania.

På toppen av fjellet ligg eit herberge og ei fjernsyns- og radionmast.

Heilag fjell

Frå steinalderen var Ślęża ein heilag stad i Lausitzerkulturen. Området vart så busett av keltisk-germanske lygiar, etterfølgd av slavarar. Schlesen vart så ein del av Stormähren, og så Böhmen, ein del av Det tysk-romerske riket. Hertug Boleslaw I av Polen erobra Schelsen i 990, men mista det igjen til Böhmen.

På byrjinga av 1100-talet var området rundt fjellet eigd av Peter Wlast Dunin, (polsk Piotr Włostowic). Han grunnla eit augstinarnonnekloster der, som vart flytta til Wrocław i 1153.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Ślęża» frå , den 13. mai 2008.

Bakgrunnsstoff http://radiopolska.pl/wykaz/pokaz_lokalizacja.php?pid=165

Kategori:Fjell i Polen