mini|Gravstein over Caspari på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Carl Paul Caspari () var ein tysk-norsk teolog og professor ved Universitetet i Oslo. Han var far til Theodor Caspari.
Liv og gjerning Caspari var fødd i Dessau i Tyskland. Han hadde jødiske foreldre og voks opp med hebraisk språk og jødisk teologi. I studietida vart han påverka av Franz Delitzsch og konverterte til kristendommen i 1838.
I 1846 vart Caspari kjend med Gisle Johnson, som oppfordra han til å søkje på eit ledig lektorat i teologi ved Universitetet i Oslo. Denne stillinga fekk han i 1847 og vart fast tilsett i 1848. Han vart teologiprofessor i 1859.
I 1862 gav han saman med Gisle Johnson ut ei norsk oversetjing av Konkordieboka, som kom i nytt opplag i 1866, og seinare i fleire opptrykk.
Caspari var eit stort språkleg talent. Han verka ikkje som forkynnar, men brukte kreftene sine i polemikk mot den delen av grundtvigianismen som meinte trusvedkjenninga var eldre enn Det nye testamentet. Caspari arbeida ivrig for å halde på det lutherske skriftprinsippet. Mange av publikasjonane hans finst i «Theologisk Tidsskrift» i perioden 1858-1881.
I Oslo er Casparis gate oppkalla etter Carl Paul Caspari, den er på Ila og fekk namnet sitt i 1901 og går frå Akersbakken til Waldemar Thranes gate.
Verk i utval Grammatica Arabica, del 1 og 2 (1844, 1848) Abrahams prøvelse (1871) Abrahams kaldelse (1872) Populære foredrag over bogen Daniel (1877) Den gammeltestamentlige skrifts historie (1881)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carl Paul Caspari» frå , den 19. mai 2008.
Bakgrunnsstoff
Omtale av Carl Paul Caspari
Kategori:Norske teologar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Tyske teologar Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund