Polske voivodskap eller provinsar (polsk województwo) har vore den høgaste administrativ inndelinga i Polen sidan 1300-talet. 1. januar 1999 vart 16 nye voivodskap oppretta, som erstatta 49 tidlegare voivodskap som hadde eksistert sidan 1975.
I dag er voivodskapa hovudsakleg basert på dei historiske regionane i landet, medan voivodskapa i 1975-1998 var sentrert rundt og kalla opp etter individuelle byar. Den nye inndelinga har voivodskap i storleik frå under 10 000 km² (Opole-voivodskapet) til over 35 000 km² (Masoviske voivodskap) og frå om lag ein million innbyggjarar (Lubusz-voivodskapet) til over fem millionar (Masoviske voivodskap).
Styret av eit voivodskap er delt mellom ein guvernør utpeikt av regjeringa kalla ein voivode (polsk wojewoda), og eit vald råd kalla sejmik, samt eit styre vald av rådet. Leiaren av styret vert kalla marszałek województwa. Voivodskapa er vidare delt inn i powiat (fylke) og gmina (kommunar).
Kart og tabell
Fil:Poland administrative division 1999 literki.png Polske voivodskap sidan 1999 Forkorting Kode Bilnummer Voivodskap Hovudstad Arealkm² Folketal (31. desember 2003) Folketal (30. juni 2004) DS 02 D Nederschlesiske (dolnośląskie) Wrocław 19 947,76 2 898 313 2 895 729 KP 04 C Kujaviskpommerske (kujawsko-pomorskie) Bydgoszcz¹Toruń² 17 969,72 2 068 142 2 067 548 LU 06 L Lublin (lubelskie) Lublin 25 114,48 2 191 172 2 187 918 LB 08 F Lubusz (lubuskie) Gorzów Wielkopolski¹Zielona Góra² 13 984,44 1 008 786 1 009 177 LD 10 E Łódź (łódzkie) Łódź 18 219,11 2 597 094 2 592 568 MP 12 K Veslepolske (małopolskie) Kraków 15 144,10 3 252 949 3 256 171 MA 14 W Masoviske (mazowieckie) Warszawa 35 597,80 5 135 732 5 139 545 OP 16 O Opole (opolskie) Opole 9 412,47 1 055 667 1 053 723 PK 18 R Subkarpatiske (podkarpackie) Rzeszów 17 926,28 2 097 248 2 097 325 PD 20 B Podlasie (podlaskie) Białystok 20 179,58 1 205 117 1 204 036 PM 22 G Pommerske (pomorskie) Gdańsk 18 292,88 2 188 918 2 192 404 SL 24 S Schlesiske (śląskie) Katowice 12 294,04 4 714 982 4 707 825 SW 26 T Świętokrzyskie Kielce 11 672,34 1 291 598 1 290 176 WM 28 N Ermelandskmasuriske (warmińsko-mazurskie) Olsztyn 24 202,95 1 428 885 1 428 385 WP 30 P Storpolske (wielkopolskie) Poznań 29 825,59 3 359 932 3 362 011 ZP 32 Z Vestpommerske (zachodniopomorskie) Szczecin 22 901,48 1 696 073 1 695 708 (¹)– setet til voivoden, (²)– setet til sejmik og marszałek
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Voivodeships of Poland» frå , den 20. mai 2008.
Bakgrunnsstoff
Kart over polske regionar Administrativ inndeling av Polen