Eurovision Song Contest 2003 var den 48. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert laurdag 24. mai 2003 i Skonto-hallen i den latviske hovudstaden Riga. Arrangør var , og dette var andre året på rad at konkurransen blei arrangert i Baltikum, etter at Estland hadde arrangert finalen i 2002. Programleiarar var fjorårsvinnar og frå bandet , som deltok for Latvia i 2000. EBU hadde dette året sett talet på deltakarar til 26 land, noko som var ny rekord. No måtte også alle land bruke telefonavrøysting, dette for å unngå at land kunne bytte jurypoeng.

Etter ei svært jamn avrøysing vann Tyrkia og ein knapp siger med «». Dette var den fyrste sigeren til Tyrkia i konkurransen. Like bak følgde Belgia og russiske t.A.T.u.. Noreg var tilbake etter fråværet i 2002 og enda på fjerdeplass med og balladen «», mens Sverige blei nummer fem. Det norsk-svenske forholdet blei etter finalen gjenstand for stor pressedebatt då den norske kommentatoren, , kommenterte at den svenske duoen hadde like stor utstråling «som bokhyllen Ivar fra IKEA».

Storbritannia hamna for fyrste gang heilt sist med null poeng, mens vertslandet Latvia enda tredje sist. Dette var fyrste gongen sidan 1995 at vertsnasjonen ikkje enda i topp 10, og det var det verste resultatet til ein vertsnasjon sidan 1992.

Dette var siste året Eurovision Song Contest blei halden på tradisjonelt vis, med berre ein finalesending. Året etter innførte EBU semifinale i forkant av finalen, noko som gjorde at alle land som ønskte det, fekk delta kvart år. Kvalifiseringsordninga som hadde vore i bruk sidan 1994, blei også avvikla etter 2003.

Bakgrunn venstre|miniatyr|Skonto-hallen i Riga. Etter å ha vunne med låten «I Wanna» i Tallinn året før, var Latvia vertskap for Eurovision Song Contest for fyrste gong. Latvia debuterte så seint som i 2000, og landets fyrste siger kom allereie på tredje forsøk. For den latviske ållmennkringkastaren innebar arrangementet difor eit stor økonomisk løft, både budsjett- og investeringsmessig. Lenge såg det ut til at kringkastaren ikkje ville ha råd til å halde finalen, og så seint som mars 2003 truga EBU med å flytte konkurransen til Sverige. Til slutt gjekk den latviske regjeringa og byrådet i Riga inn med nok midlar til at LTV kunne klare å arrangere finalen.

Fleire byar blei vurderte som arrangørbyar, men i august 2002 offentleggjorde LTV at finalen skulle haldast i Skonto-hallen i Riga med plass til rundt 6500 tilskodarar. Datoen blei sett til laurdag 24. mai. Også dette året hadde arrangørane laga eit eige slagord for konkurransen: «Magical Rendez-vous» (norsk 'magisk møte').

Nye reglar EBU innførte dette året fleire nye reglar. For det fyrste ble talet på deltakarar sett til rekordhøge 26 land. I tillegg vedtok unionen nye prinsipp for å kåre ein vinnar dersom fleire land skulle dele fyrsteplassen. No var vinnaren det landet som hadde fått poeng frå flest land. Tidlegare hadde EBU tald talet på toppoeng: Det landet som hadde fått 12 poeng frå flest land, blei kåra til vinnar. Var det likt på 12-poenga, talde man deretter talet på 10-poenga og så vidare nedover. Den regelen blei brukt ein gong; i 1991 vann svenske Carola hårfint foran Frankrike. Sverige vann fordi dei hadde fått 10 poeng frå fleire land enn Frankrike. Regelen førte også til at Latvia kvalifiserte seg til finalen i 2002, mens Nederland, som fekk like mange poeng i 2001, ikkje kvalifiserte seg. Latvia vann finalen i 2002.

Ei tredje regelendring var kravet om at alle land heretter måtte bruke 100 prosent telefonavrøysting. Åra i forvegen hadde EBU opna for å bruke ein 50/50-kombinasjon mellom telefon- og juryrøyster, noko som hadde ført til skuldingar om at enkelte land bytta juryrøyster. Skuldingane toppa seg etter 2002, og det var bakgrunnen for at EBU heretter sette krav om 100 prosent telefonrøyster. Men Bosnia-Hercegovina og Russland fekk bruke jury, sidan telenettet i desse landa nådde under 80 prosent av folkesetnaden i landet.

Siste året med ei sending Den største regelendringa var innføringa av ein semifinale frå og med 2004. Etter 1993 hadde talet på deltakarland auka så kraftig at EBU måtte innføre ulike kvalifiseringsordingar for å halde talet på deltakarland nede på 23–25. I 1994 og 1995 brukte ein utslagsmetoden, der dei dårlegaste plasserte landa blei ekskluderte frå finalen året etter. I 1996 heldt EBU ein hemmeleg kvalifiseringrunde, og i perioden 1997–2001 blei landa vurderte ut frå korleis dei hadde gjort det i den forutgående femårsperioden: Landa som hadde lågast gjennomsnittleg poengsum, måtte stå over konkurransen eitt år. Frå 2002 vende EBU tilbake til utslagsmetoden, noko som innebar at dei dårlegaste plasserte landa i 2001 ikkje fekk delta i 2002. Det gjorde at Noreg måtte stå over etter å ha komme på sisteplass i 2001.

Utslagsmetoden gjeldt også for 2003, og dei fem dårlegaste plasserte landa i 2002 var dimed ikkje kvalifiserte: Danmark, Finland, Litauen, Makedonia og Sveits. Til gjengjeld var Irland, Island, Nederland, Noreg, Polen og Portugal tilbake etter fråværet i 2002. I tillegg debuterte Ukraina i konkurransen.

EBU innsåg at ingen av kvalifiseringsmetodane var berekraftige og vedtok difor å innføre ein semifinale frå og med 2004. Det innebar at dei ti beste landa i 2003 i tillegg til dei fire store landa (Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland) var direktekvalifiserte til finalen i 2004. Dei tolv dårlegaste landa i 2003, i tillegg til landa som måtte stå over i 2003 og eventuelle nykommarar, måtte gjennom ein semifinale tre dagar før finalen. Dei ti beste i semifinalen kvalifiserte seg til finalen, slik at til saman 24 land deltok i finalen. I 2008 blei systemet endra til to semifinalar, og berre vinnaren og dei fem store landa er direktekvalifiserte til finalen det påfølgjande året. Dette systemet er fortsatt i bruk.

Sendinga Programmet starta med at programleiarane og kom på scena og ønskte velkommen. Deretter helsa dei på ulike personlegdommar via satellitt: Lys Assia, den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest i 1956 var med frå Nikosia i Kypros, mens Elton John var med direkte frå arrangementet Life Ball i Wien. I tillegg fekk sjåarane helse på den USA-amerikanske astronauten og den russiske kosmonauten direkte frå Den internasjonale romstasjonen.

Deretter starta konkurransen. Etter ei loddtrekking halden i Riga 29. november 2002, fekk Island opne, mens Slovenia avslutta. Noreg fekk startnummer 18. Alle 26 finalelåtar blei gjevne ut på eit eige samlealbum. For fyrste gong var det plateselskapet EMI/CMC som gav ut albumet. miniatyr|Russiske t.A.T.u. truga med å kle seg nakne på scena. Blant favorittane var den russiske superduoen t.A.T.u. som hadde hatt stor suksess med blant anna «» og «». Dette året deltok de for Russland med den russiskspråklige «» (ikkje tru, ikkje frykt). Duoen hadde tidlegare spelt på eit lesbisk uttrykk og truga på førehand med å kle seg nakne på scena under Eurovision Song Contest. I tillegg hadde duoen langa ut mot konkurrentane sine under flere pressekonferansar, blant annet mot den tyske artisten Lou. Dei klaga også på produksjonen og lyssetjinga og ble etter kvart svært upopulære blant presse og fans. Under finalen blie duoen møtt av kraftig buing frå publikum, det same gjentok seg kvar gong Russland fekk 12 poeng under avrøystinga. Produsentane av showet var også parate til å bruke opptaket frå generalprøven til Russland om t.A.T.u. skulle finne på å kle seg nakne under direktesendinga. Duoen beholdt imidlertid klærne på under opptredenen sin.

Pausenummeret var ein kortfilm som inneheldt ein sekvens med ulike framsyningar av den latviske folkloregruppa , bandet til Renārs Kaupers , og pianisten . Filmen var regissert av Anna Viduleja.

På førehand hadde spelselskapet sett Russland og Spania som favorittar til å vinne konkurransen. Irland, Slovenia, Estland, Noreg og Island låg like bak. Men vinnarkampen skulle stå mellom to andre land: Belgia og Tyrkia. Og Austerrike som var tippa å komme sist, enda på ein sjetteplass – den beste plasseringa til Austerrike på 14 år.

Tyrkia, representert av superstjerna , vann konkurransen berre to poeng føre Belgia og tre poeng føre Russland. Dette var fyrste gongen Tyrkia framførte bidraget sitt fullt ut på engelsk. I ettertid reagerte Russland sterkt på at fleire land der t.A.T.u. hadde hatt kommersiell suksess, gav få eller ingen poeng til Russland. Korkje Irland eller Storbritannia gav t.A.T.u. poeng, mens Sverige og Noreg gav 2 poeng kvar. Då det seinare viste seg at Irland hadde måttet bruke reservejuryen sin på grunn av teknisk feil med telefonavrøystinga i landet, meinte Russland at dette hadde kosta dei sigeren. Protestane frå Russland fekk EBU til å sjå nærmare på dei irske poenga, men unionen fann ingen feil. Den irske kringkastaren publiserte til slutt dei forkastende irske telefonrøystene. Dei viste at Tyrkia framleis ville ha vunne, men at Russland ville ha komme på andreplass føre Belgia. Dei russiske protestane blei difor ikkje tatt til følgje.

Det norske bidraget miniatyr|Kommentator fekk mykje merksemd etter finalen. Noreg var tilbake etter å ha måtta stå over i 2002. Den norske representant var og låten «», skriven av . Hasselgård vann den norske finalen som blei arrangert 1. mars i Oslo Spektrum.

Men etter finalen var det pausenummeret som skapte mest merksemd. A cappella-gruppa skulle lage eit nummer som skulle portrettere . I staden dukka dei opp på scena med russiske kulturelement som balalaikaar, kosakkuniformer og matrjosjkadokker. Blemma vekte eit kraftig raseri og sinne i Latvia og skapte nærmast diplomatiske forviklingar mellom Noreg og Latvia. Rasande latviarar truga med å boikotte norske varer, og den latviske ambassaden sende straks eit protestbrev til NRK. NRK la seg flate og beklaga pauseinnslaget, og den norske ambassadøren til Latvia beklaga personleg overfor Latvias president, Vaira Vīķe-Freiberga. Det latviske sinnet gav seg raskt, og Noreg fekk 7 poeng av latviske tv-sjåarar under Eurovision-finalen i mai. På scena i Riga var Noreg det 18. bidraget ut på scena, med Jostein Hasselgård sitjande ved eit svart flygel. Med på scena var koristane Håvard Gryting, , Lars Aass og Karin Kvalvaag. Jostein Pedersen kommenterte sendinga for både NRK1 og P1, mens Roald Øyen las dei norske poenga via satellitt frå Oslo. følgde finalen på NRK1, ei kraftig auking frå året før, då Noreg ikke deltok.

Kommentator-bråk Etter Eurovision Song Contest fekk den norske kommentatoren mykje merksemd. Under direktesendinga langa han ut mot det svenske bidraget, «», framført av duoen . Pedersen kalla songen for ein «melkeblek ABBA-kopi» og kommenterte vidare at Fame hadde «like mye utstråling som bokhyllen Ivar fra IKEA». Kommentarene skapa sinne i Sverige og fyrstesideoppslag i Noreg. Dei svenske protestane førte til at EBU foretok en granskning av kommentarane til Pedersen, utan at det blei nokon konsekvensar i ettertid.

Avrøystinga