Opole-voivodskapet (polsk Województwo opolskie eller berre Opolskie; tysk Woiwodschaft Oppeln) er ein av 16 voivodskap i Polen.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Opole-voivodskapet og delar av Częstochowa. Namnet kjem frå den største byen og hovudstaden i voivodskapet, Opole.

Opole-voivodskapet grensar til Nederschlesiske voivodskap i vest, Storpolske og Łódź-voivodskapet i nord, Schlesiske voivodskap i aust og Tsjekkia i sør.

Geografi Voivodskapet ligg sørvest i Polen og den største delen er ein del av Det schlesiske låglandet (Nizina Śląska). I aust grensar regionen til Det schlesiske høglandet (Wyżyna Śląska), medan Sudetane og Opawskiefjella ligg i sørvest. Elva Oder renn tvers gjennom voivodskapet.

Byar og landsbyar Voivodskapet inneheld 35 byar og landsbyar. Folketala i lista nedanfor er frå 2006 ):

1. Opole (128 034) 2. Kędzierzyn-Koźle (65 572) 3. Nysa (47 283) 4. Brzeg (38 303) 5. Kluczbork (25 910) 6. Prudnik (23 133) 7. Strzelce Opolskie (20 059) 8. Krapkowice (18 112) 9. Namysłów (16 557) 10. Głuchołazy (14 887) 11. Głubczyce (13 389) 12. Zdzieszowice (13 329) 13. Olesno (10 106) 14. Ozimek (9 944) 15. Grodków (8 771) 16. Zawadzkie (8 331) 17. Praszka (8 230) 18. Paczków (8 147)

19. Niemodlin (6 849) 20. Kietrz (6 365) 21. Wołczyn (6 139) 22. Gogolin (6 077) 23. Lewin Brzeski (5 826) 24. Głogówek (5 816) 25. Otmuchów (5 261) 26. Dobrodzień (4 168) 27. Byczyna (3 677) 28. Kolonowskie (3 432) 29. Baborów (3 175) 30. Leśnica (2 945) 31. Prószków (2 713) 32. Biała Prudnicka (2 653) 33. Gorzów Śląski (2 606) 34. Korfantów (1 883) 35. Ujazd (1 652)

Administrativ inndeling Opole-voivodskapet er delt inn i 12 fylke (powiat): Eitt byfylke og 11 landfylke. Desse er vidare delt inn i 71 gmina eller kommunar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Opole Voivodeship» frå , den 22. mai 2008.

Bakgrunnsstoff