Pommerske voivodskap (polsk Województwo pomorskie eller berre Pomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nord i Polen i den austlege delen av den historiske regionen Pommern (polsk Pomorze). Hovudstaden er Gdańsk.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Gdańsk, Elbląg og Słupsk. Det grensar til Vestpommerske voivodskap i vest, Storpolske og Kujaviskpommerske voivodskap i sør, Ermelandskmasuriske voivodskap i aust og Austersjøen i nord. Det har òg ei smal grense mot Russland på Wisłahalvøya.

Gdańsk, er regionshovudstaden og dannar ein del av Trippelbyen i lag med Sopot og Gdynia. I voivodskapet ligg den smale Helhalvøya og den polske halvdelen av Wisłahalvøya. Andre turistdestinasjonar er Sopot, Jurata, Łeba, Władysławowo, Puck, Krynica Morska, Ustka, Jastarnia, Rozewie, Kuźnica og mange fiskehamnar og fyr.

Byar og landsbyar Voivodskap inneheld 42 byar og landsbyar. Innbyggjartala på lista under er frå 2006stat.gov.pl:

1. Gdańsk (457 630) 2. Gdynia (252 443) 3. Słupsk (98 402) 4. Tczew (60 263) 5. Starogard Gdański (48 136) 6. Wejherowo (45 170) 7. Rumia (44 497) 8. Sopot (39 836) 9. Chojnice (39 716) 10. Malbork (38 478) 11. Kwidzyn (37 814) 12. Lębork (35 069) 13. Pruszcz Gdański (23 986) 14. Kościerzyna (23 016) 15. Reda (18 509) 16. Bytów (16 715) 17. Ustka (16 227) 18. Kartuzy (15 263) 19. Władysławowo (14 892) 20. Człuchów (14 597) 21. Puck (11 329)

22. Miastko (10 987) 23. Nowy Dwór Gdański (9 948) 24. Sztum (9 945) 25. Czersk (9 463) 26. Prabuty (8 488) 27. Pelplin (8 486) 28. Skarszewy (6 824) 29. Gniew (6 787) 30. Żukowo (6 302) 31. Czarne (5 917) 32. Dzierzgoń (5 630) 33. Debrzno (5 359) 34. Brusy (4 582) 35. Nowy Staw (4 447) 36. Jastarnia (4 033) 37. Hel (3 898) 38. Kępice (3 829) 39. Łeba (3 824) 40. Skórcz (3 512) 41. Czarna Woda (3 182) 42. Krynica Morska (1 371)

Administrativ inndeling Pommerske voivodskap er delt inn i 20 fylke (powiat) og av desse er fire byfylke og 16 landfylke. Desse er vidare delt inn i 123 kommunar (gmina).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pomeranian Voivodeship» frå , den 22. mai 2008.

Bakgrunnsstoff