mini|Tettstaden og fiskeværet Bleik. Bleik er ein tettstad og eit fiskevær i Andøy kommune i Nordland fylke. Staden ligg på nordvestsida av Andøya, om lag ti kilometer frå Andenes. Tettstaden har .

Namnet kjem truleg frå gammalnorsk bleikr, ‘ljos’, etter den ljose sandstranda, eller av blikk – den blikkstille som kan vere inne ved Bleik sjølv om nordausten står på ute i havet.

Bleik har ein særprega klyngebusetnad og næringsgrunnlaget er hovudsakleg fisketilverking og fiskeindustri, mekanisk verkstad. I 1925 vart store delar av husa øydelagt i ein storstorm. Ein gammal gardshaug kan sporast tilbake til 600 e. Kr og har ei djupne på 6 m.

Det kjende fuglefjellet Bleiksøya ligg rett utanfor Bleik, innanfor ligg Bleiksmorena naturreservat.

Bleik var den første staden i Vesterålen som tok i bruk eit vasskraftverk til straumproduksjon. Bleikselva vart demt opp, og kraftverket vart sett i drift 9. oktober 1904. Det leverte frå starten av 25 kW, nok til ljos til ca. 50 husstandar.Trollfjord Kraft (red. Øystein Rysst): ...i hundre 1907-2007. Elektrisitetens hundreårige historie i Hadsel. Stokmarknes 2007. ISBN 978-82-303-0874-5

Kjelder

Bakgrunnsstoff Andøy Historielag om Bleik Presentasjon av Bleik

Kategori:Tettstader i Nordland Kategori:Geografi i Andøy Kategori:Fiskevær i Nordland