Vågen vidaregåande skule er ein vidaregåande skule i Sandnes som underviser i musikk, dans og drama; media og kommunikasjon og formingsfag. Skulen ligg ved Vågen i sentrum av Sandnes og opna i 2010. Han har eit areal på om lag 20 000 kvadratmeter (delar av dette deler han med Sandnes kulturskule) og han har rundt 850 elevplassar.

Før skulen blei bygd var det noko strid om kva han skulle heita. Eit mindretal i Rogaland fylkesting ønskte å kalla han opp etter den lokale næringlivsmannen Jonas Øglænd, men valet fall til slutt på at skulen fekk namn etter staden han ligg.

Kjelder Helene Andreassen, Vågen videregående åpner dørene . Stavanger Aftenblad, 16.11.2010 Vågen blir navnet på skolen , Sandnesposten, 10.12.2008

Bakgrunnsstoff vaagen.vgs.no Nettsida til skulen. Vågen vgs ved bygg.no

Kategori:Sandnes kommune Kategori:Skipingar i 2010 Kategori:Vidaregåande skular i Rogaland