Storlire (Ardenna gravis) er ei lire i stormfuglfamilien, Procellariidae, som lever i Atlanteren. Storlira hekkar på øyar i Sør-Atlanteren og er ein trekkfugl som trekkjer nordover i den nordlege sommaren til havområda aust for Nord-Amerika.Svensson, 1999

mini|venstre|Storlire utanfor North Carolina, USA Storlira er 43–51 cm i lengd med vengespenn på 105–122 cm. Ho er identifiserbar med mørk hette, markert kvit krage, mørk overside, og undersida er kvit bortsett frå ein skitten flekk på buken. Ho har òg mørke teikningar under vengene. Oversida av halen har eit kvitt band framføre det mørke endebandet. Nebbet er mørkt. Ho flyg på stive venger, som ei stor havlire.

Populasjonen var estimert til minst 15 millionar individ i 2004 og er stabil.BirdLife International, 2012

Utbreiing Det meste av bestanden hekkar på øygruppa Tristan da Cunha og på Gough Island. I tillegg har få fuglar hekka på Falklandsøyane. Overvintringsområdet er Nord-Atlanteren, så langt nord som utanfor kysten av Grønland.BirdLife International 2004 Utbreiing i Europa

I norske farvatn Trekket sørover følgjer ei rute lengre aust og storlira blir observert utanfor Vest-Europa, men berre sjeldan i Nordsjøen og øvrige nære norske farvatn. Dei siste godkjente observasjonane i Noreg var av eit individ i 1999 og eit i 2010.Rapportsystemet for fugler Observasjonar henta frå systemet 11. juni 2012

Kjelder

BirdLife International (2012) Species factsheet: Puffinus gravis . Henta frå http://www.birdlife.org den 11. juni 2012.

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av storlire hos Internet Bird Collection

Kategori:Stormfuglfamilien Kategori:Fuglar i Noreg