260px|mini|Commodore 65 Commodore 65 (òg kjend som C64DX, må ikkje forvekslast med den berbare Commodore SX-64) var ein prototypedatamaskin utvikla av Fred Bowen og andre ved Commodore Business Machines (del av Commodore International) i 1990–91. Prosjektet vart kansellertav administrerande direktøren Irving Gould.

Commodore 65 var ein forbetra versjon av Commodore 64. Den var meint å vere bakoverkompatibel med den eldre forgjengaren samtidig som den hadde fleire avanserte funksjonar i nivå i nærleiken av Amiga.

Då Commodore International gjekk konkurs i 1994 vart ei rekkje prototypar seld på det opne marknaden, noko som gjorde at om lag 50-2000 eksemplar hamna i private hender.

Tekniske spesifikasjonar Prossessoren var ein CSG 4510 R3 med kodenamnet Victor som hadde ein fart på 3.54 MHz Grafikkbrikka var ein CSG* 4567 R5 med kodenamnet Bill som var i stand til å vise 256 fargar, ut av ein fargepalett på 4096 fargar. Lydbrikka var to stykk CSG* 8580R5 SID som produserte stereo lyd (Commodore 64 hadde berre ein SID) 128 KB RAM, oppgraderbar til 8 MB ved hjelp av RAM expansion port lik den for Commodore Amiga 500 Kraftig forbetra BASIC: Commodore BASIC 10.0 (Commodore 64 hadde "berre" BASIC 2.0, som, var omtrent 10 år gamalt på denne tida.) Ein føreslått spesifikasjkon som aldri vart implentert den endelege prototypen var intern 3½" diskettstasjon

(* CSG = Commodore Semiconductor Group, Tidlegare kjend som MOS Technology, Inc.)

Kategori:Heimedatamaskinar Kategori:Commodore Business Machines