Nesseby kyrkje er ei langkyrkje frå 1858 i Nesseby kommune i Finnmark. Byggverket er i tre og er bygd med 250 plassar.Nesseby kyrkje frå Kyrkjesøk Arkitekt for kyrkja var Christian Heinrich Grosch. mini|venstre|Nesseby kyrkje ligg på eit nes i indre del av Varangerfjorden. Dette er den andre kyrkja på staden, den fyrste var gamle Kiberg kyrkje som blei flytta til Nesseby i 1746. Denne kyrkja blei rive da noverande kyrkje vart reist.
Kyrkja blei ståande uskada under nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms under andre verdskrigen.
Delar av inventaret er gåver til kyrkja gjevne på 1600-1700 talet og noko er frå andre kyrkjer. Altartavla er i barokk og frå gamle Kiberg kyrkje. I midtpartiet er det måla ei framstilling av nattverden og ho er omkransa av to store utskorne figurar. Altartavla er frå rundt 1720 og laga av bilethoggaren Georg Christoffer Schauer.Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard: «Nesseby kirke» på nettstaden til Universitet i Tromsø
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Nesseby Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Kyrkjer i Indre Finnmark prosti Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Kulturminne i Nesseby Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme Kategori:1858 i Noreg