Talvik kyrkje er ei langkyrkje frå 1883 i Alta kommune i Finnmark.

Kyrkja er bygd i tre og hadde då ho var ferdig 410 sitjeplassar.

Kyrkja var den einaste bygningen som stod att i Talvik etter andre verdskrigen. Då folk kom heim att etter evakueringa sommaren 1945, tok dei inn i kyrkja.

Tidlegare kyrkjer i Talvik Den fyrste kyrkja i Altafjorden vart bygd mot slutten av 1600-talet. Kyrkja låg på Årøya, midt i skipsleia aust i Altafjorden. På Årøya låg det òg eit gammalt festningsverk, og materialar frå festninga vart bruka til å byggje kyrkje. Lenge gjorde presten på Sørvær teneste i fjorddistriktet. Den fyrste presten som budde i Talvik var Anders Larsson Filianus, 1705-23.

Kyrkja på Årøya vart etter få år riven og frakta over fjorden til Talvik, der ho stod ferdig i 1705.

Alt etter 30 år måtte denne kyrkja rivast, og i 1737 stod ei ny kyrkje ferdig. Tømmeret til kyrkja var hogd inne i Alta. Denne kyrkja skulle ha 220 sitjeplassar og 80 ståplassar. Ho var i bruk til ho vart øydelagd av ein storm 16. januar 1882.

Bakgrunnsstoff

Talvik kirke frå Alta kyrkjelege fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Alta Kategori:Kyrkjer i Alta prosti Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Kulturminne i Alta Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme Kategori:1883 i Noreg